– Ein storbrann i parkeringshus var forventa. I fleire år, sidan den første brannen i ein elbil, har me snakka om at det kunne skje, seier brannsjef Leif Linde i Bergen om katastrofebrannen i parkeringshuset på Stavanger lufthavn Sola tysdag.
Onsdag vart det klart at brannen starta i ein eldre dieselbil.
– Med dagens utstyr er det ikkje er mogleg å stoppa ein bilbrann som spreier seg i eit parkeringshus.
– Viss det brenn i ein eller to bilar, skjermar me brannen med eit slags brannteppe. Det fungerer ganske bra. Men når det blir brann i opptil 300 bilar som på Sola, er det umogleg.
300 BILAR: Brannen på Sola lufthamn starta i ein eldre dieselbil og spredte seg raskt til fleire bilar. Brannsjefen i Bergen fryktar batteripakkar i mange elbilar skal ta fyr og har no fått midlar til å forske på korleis dei kan sløkkast.
Foto: Håkon Vårhus Sagen / NRK– El-bilbrann er utfordrande
Linde legg til at det har vore mange bilbrannar i parkeringshus som har blitt handtert greitt før, men at talet på elbilar gjer situasjonen vanskelegare.
– Elbilar med mange batteripakkar ved sida av kvarandre gir ein mykje meir intens brann som ikkje lar seg sløkka med vanlege middel, seier Linde.
Brann- og redningssjef Nils-Erik Haagenrud i Rogaland sa derimot dette til NRK onsdag kveld, om brannen på Sola:
– Her har det brent fleire elbilar, utan at det har gitt nokre store utfordringar for oss i brann- og redningstenesta. Det trur eg skuldast at batteripakkane ikkje har tatt fyr. Dei ligg i botn av bilen og ligg i trygge omgjevnadar, medan bilen eller det som er over av sete og anna, er brent opp.
Linde skriv torsdag til NRK at «det er store ulemper med brann i begge typer biler når de står tett i tett i parkeringshus.»
Han vedgår at det Haagenrud seier, er riktig, men fastheld at brann i elbil-batteri «er meget vanskelig å slukke i forhold til en «ordinær» bilbrann.»
«Batteripakkene er så godt beskyttet at det er vanskelig å komme til, men samtidig er disse også godt beskyttet mot ekstern varmepåkjenning, som Haagenrud er inne på.»
UTFORDRING: Mange batteripakkar i moderne elbilar gir utfordringar for brannmannskap. Brannvesenet i Bergen skal forske på korleis dei kan handterast betre.
Foto: Erik Waage / NRKStartar forsking
Bergen har landets høgaste andel elbilar. Og byen har truleg det brannvesenet som har mest erfaring med brannar i elektriske bilar.
Dessutan var Bergen brannvesen involvert i den dramatiske batteribrannen på den elektriske ferja MF «Ytterøyningen» i oktober.
No har dei fått fleire hundre tusen kroner frå styremaktene til eit prosjekt for å førebyggja, sløkka og hindra spreiing av brannar i elektrisk drivne bilar og skip.
– Me skal ha ein workshop med batteriprodusentane. Me håpar å få starta ei forsking på sløkkemiddel og metodikk som kan få kontroll på brannen raskare.
Denne månaden startar Bergen brannvesen arbeidet saman med batteriprodusentane, Kystverket og Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.
– Me skal diskutera med dei korleis me skal handtera dette i framtida.
VANSKELEG ARBEID: Brannen i batterirommet på ferja MF «Ytterøyningen» var krevjande for brannmannskapa. Til slutt eksploderte det i ferja.
Foto: Bergen brannvesenIkkje krav om sprinklaranlegg
Parkeringshuset på Sola hadde ikkje sprinklaranlegg. Til dømes Bergen lufthavn Flesland eller Bergen bystasjon har heller ikkje parkeringshus med sprinklaranlegg.
– Det varierer om parkeringshus har sprinklaranlegg eller ikkje, seier Linde.
Flyplassjef på Flesland er tidlegare brannsjef i Bergen, Helge Eidsnes.
– Parkeringshuset vårt er oppført i tråd med krava i plan- og bygningslova, som ikkje krev sprinkling. Til gjengjeld har huset varslingsanlegg, godt med rømmingsvegar, og stigeleidning for brannvesenet.
KOLLAPS: KOLLAPS: Mykje av parkeringshuset på Stavanger lufthavn Sola fall saman i storbrannen.
Foto: Arild Eskeland / NRKKan koma nye krav
Linde meiner det er veldig usikkert om sprinkling hadde stoppa utviklinga av brannen på Sola, men at det hadde hjelpt på ved å dempa temperaturen i starten.
Helge Eidsnes trur ikkje elbil-forbod er aktuelt i parkeringshus, men seier regelverket ofte blir påverka av store brannar.
– Brannen på Sola er den største og mest spesielle Noreg har hatt i parkeringsanlegg. Ein skal ikkje sjå vekk frå at det vil påverka framtidige krav til deteksjon, varsling, sprinkling og andre tekniske krav i framtidige parkeringsanlegg.
NRK rettar: I ein tidlegare versjon av artikkelen stod det at med mange elbilar i parkeringshuset vart brannen på Stavanger lufthavn Sola mykje kraftigare og vanskelegare å handtera, og at kunnskap om sløkking av elbil-brann kunne ha kome til nytte i storbrannen.