Den 60 meter lange og 14 meter breie båten har eige trimrom, kinosal og foredlingsanlegg om bord, den skal heite Frøyanes og får ein prislapp på 175 millionar kroner.
I tillegg har Ervik investert i firskekvotar til Frøyanes på totalt 70 millionar kroner.
- Det er masse pæng, seier Stig Tore Ervik til Finansavisen.
- LES OGSÅ:
Sparar miljøet og får betre pris
Frøyanes skal fange kvitfisk i Barentshavet, og skal slakte og lage ferdige fiskeprodukt på eigen fabrikk ombord.
- Tidlegare har vi frose fisken ombord, før fisken var selt til kjøpar. Deretter vart kanskje fisken sendt til Kina, der den vart foredla til ferdig produkt - før varene kom tilbake til Norge for sal til kundane. No er planen å lage ferdige produkt ombord, fortel Ervik til NRK.no.
- Dette vil spare miljøet, samstundes som vi kan ta betre pris for fisken. Eg har god tru på dette opplegget, seier Ervik.
(Artikkelen held fram under biletet)
Sel der dei får best pris
Finansavisen karakteriserer Frøyanes som ein superbåt, og Ervik seier seg samd i ordbruken.
Samstundes framstår båten som ein direkte konkurrent til det børsnoterte Domstein-konsernet i den nordiske marknaden for kvitfisk:
Ervik-systemet og Domstein har lenge samarbeidd om fangst av kvitfisk gjennom Ervik Havfiske, som dei to aktørane eig med halvparten kvar. Produkta som kjem frå Frøyanes skal derimot verte selde under Ervikfisk.
LES OGSÅ:
- Vi vil selje der vi får best pris. Får vi best pris hos Rema 1000 eller Coop, så sel vi til dei. Får vi best pris hos Domstein, så sel vi til dei, seier Ervik til Finansavisen.