Hopp til innhold

Skal fjerne tonnevis med blyhagl frå norske skytebaner

Fleire millionar kilo bly ligg spreidd på norske skytebaner. Oppryddinga vert enda dyrare.

Toksikolog og veterinær Aksel Bernhoft ved Veterinærinstituttet.

KARTLEGGING: På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet difor fått i oppdrag å kartlegge alle skytebanene i landet. På bilete: «Blymyra» i Bærum.

Foto: Heidi Fjørtfoft Klokk / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Her ligg det mykje forskjellig. Det er for det meste bly, fortel Vidar Andersen i Kinn kommune.

Han står ved området som ein gong husa Florø skytebane.

Historia til bana går heilt tilbake til 1860 og strekker seg inn i vår eiga tid. Bana har vore brukt av mange – skyttarlag, jegerar, politiet og Forsvaret er blant dei.

For nokre år tilbake vart bana stengt og aktiviteten flytta til eit nytt skytefelt i kommunen.

Men tilbake på arenaen ved Lillevannet ved Florø sentrum har meir enn 150 år med skyteaktivitet sett sine spor.

Alle kulefangarvollar, samt eit mindre areal av 50-metersbana, inneheld blykonsentrasjonar tilsvarande farleg avfall, heiter det i tiltaksplanen for området.

24 gram metall bles ut av løpet for kvart skot. Det kan høyrast lite ut, men om vi reknar ein million hagleskot i året svarar til det vekta til 24 biler.

Til saman ligg fleire millionar kilo bly spreidd på norske skytebaner og i norsk natur.

I ei skråning inne på området er det nesten ingenting som veks.

– Vi reknar med at det har med kulene å gjere, fortel Andersen.

Opprydding av gamle Florø skytebane

FÅ SYNLEGE SPOR: Vidar Andersen i Kinn kommune og entreprenør Thor-Arne Ullaland ved ein gammal anvisarplass som høyrde til Florø skytebane. Sett vekk frå to slike plassar er alle synlege bygg fjerna.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Forureining avheng av aktiviteten

Forsvaret har dei siste åra sanert ein rekke skyte‐ og øvingsfelt som dei ikkje lenger bruker.

Medan forureininga ved militære baner er godt kartlagt, heng dei sivile banene etter.

På oppdrag frå Klima- og miljødepartementet har Miljødirektoratet difor fått i oppdrag å kartlegge kor det finst nedlagde sivile skytebaner.

Så langt er rundt 1350 av anslagsvis 3000 baner lagt inn i forureiningsdatabasen. Men at banene er registrert, betyr ikkje at forureininga er kartlagt.

Et nasjonalt forbod mot blyhagl på skytebaner kom i 2002.

BLYAVRENNING: Gamle skytebaner som forsvaret sanerer eller har sanert for blyavrenning: Krokelvdalen (1), Varangerbotn (2), Kvenvikmoen (3), Skarsteindalen (4), Melbu (5), Brettingen (6), Vaterholmen (7), Banmyra skytefelt (8), Gurulia (9) Ørskogfjellet (10) Skjelanger (11), Steinskvanndalen (12), Avgrunnsdalen (13), Fredrikstad (14), Børja (15), Vikesdalsmoen (16), Marka (17) Gimlemoen (18)

I kartlegginga blir det ikkje teke prøver av grunnen, men gjort ei overordna risikovurdering, fortel seksjonsleiar i miljøgiftavdelinga, Kristine Mordal Hessen.

– Kor alvorleg forureina er ved den enkelte skytebane, vil avhenge av kor mange år med skyteaktivitet det har vore, kor mange skot som er fyrt av og kor bana ligg.

Hessen seier arbeidet vil vere eit godt utgangspunkt for å vurdere kva baner som treng grundigare undersøkingar.

Ved baner der det er mistanke om alvorleg forureining vil det vere aktuelt å pålegge vidare undersøking og eventuell opprydding.

Areal der det er mistanke om forureining blir òg registrert i Miljødirektoratet sin database Grunnforureining.

– På den måten kan vi ta omsyn til slike område i samband med bygge- og gravearbeid eller i plansaker, seier Mordal Hessen.

Hjerkinn

SKYTEBANE BLIR NASJONALPARK: Medan forureininga ved militære baner er godt kartlagt, heng dei sivile banene etter.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

– Dyrt for frivillige lag å rydde opp

Dei nedlagde skytebanene har mange ulike eigarar. Då kartlegginga til Miljødirektoratet vart kjent, tok fire jeger- og skyttarorganisasjonar til orde for ei statleg finansieringsordning for baner der det eventuelt skulle kome krav om opprydding eller ekstraordinære miljøtiltak.

Det frivillige Skyttervesen, Noregs skyttarforbund, Noregs Jeger- og Fiskerforbund og Noregs skiskyttarforbund er saman om oppmodinga.

– For oss er det viktig at frivillige lag ikkje blir straffa for å utøve ein lovleg aktivitet som har vore og er ønskt i samfunnet, seier generalsekretær Jarle Tvinnereim i Det frivillige Skyttervesen.

Han fortel at dei har sanert nokre av sine anlegg, og at det har kosta mellom 3 og 5 millionar kroner.

– Det vil ikkje vere mogleg for eit frivillig lag å finansiere det, seier han.

Skytebane

FORBOD: Et nasjonalt forbod mot blyhagl på skytebaner kom i 2002.

Foto: Knut-Sverre Horn

– Skal bli eit attraktivt område

Storoppryddinga i Florø var planlagt allereie før Miljødirektoratet starta si kartlegging. Området er nøye kartlagt og delt inn i soner etter kva innhaldet i grunnen er.

– Det er ein mødesam jobb, seier Thor-Arne Ullaland, dagleg leiar i selskapet Trygve Ullaland A/S som har fått jobben med å rydde opp.

Det er Kinn kommune som tek kostnaden med ryddejobben til 20 millionar kroner. Der det gamle skyteanlegget ein gong stod, skal det byggast eit nytt idrettsanlegg.

Men først startar storoppryddinga.

– Det skal blir eit godt og attraktivt område for byens befolkning og besøkande, seier Vidar Andersen.

Vidar Andersen, Kinn kommune

SKAL BYGGE NYTT: På området som no skal ryddast, skal det etter kvart kome eit nytt idrettsanlegg. – Det skal bli eit godt område for innbyggarar og besøkande, seier prosjektleiar Vidar Andersen.

Foto: Benedikte Grov / NRK