Hopp til innhold

Skal fiske i tre dagar i tre vatn

I tre dagar skal fiskarar konkurrere om å få den mest ideelle fisken i Sunnfjord.

Aurefiskefest i Sunnfjord

SNØRE I BOTN: -Dette er moro for både store og små, og med dei nye reglane er det ikkje berre om å gjere å få den største fisken, fortel Marianne Hoff.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Kring 150 deltakarar er venta å konkurrere om hovudpremiane på 10.000 kr og ein vandrepokal.

– Der! Der hoppa det ein! Det må ha vore ein rugg på 400 gram, minst, ler Marianne Hoff.

Torsdag morgon møter ho NRK ved Eldalsosen i Gaular, og tek eit par prøvekast før konkurransen tek til i ettermiddag. For 18. gong skal Aurefiskefest i Sunnfjord arrangerast.

Regelendring

Marianne Hoff er koordinator for tevlinga som går over tre dagar og tre fiskevatn.

– Vi har forandra litt på reglane i år, etter ynskje frå deltakarane. Vi vel å gjere det slik som på Jølster Aurefest, at vi har ein konkurranse der vi fiskar etter ei ukjend idealvekt. Og dei som dreg inn fisken nærast idealvekta på dei ulike vatna vinn hovudpremiane på 10.000 kr. Slik vert det kanskje meir spennande for fleire.

Den hemmelege idealvekta er det ingen som kjenner til for politiet trekk vekta først på laurdag før premieseremonien. I tillegg vert største fisk i kvar av vatna, i junior og seniorklassa, premiert.

Aurefiskefest i Sunnfjord

NAPP: Kring 150 deltakarar er venta å konkurrere om hovudpremiane på 10.000 kr og ein vandrepokal. Kanskje vakar vinnarfisken i Viksdalsvatnet?

Foto: Åsta Urdal

– Også har me ein flott vandrepokal til den som får den aller største aura, men for å ha sjanse på den prisen må ein ha vore med i konkurransane både i Viksdalsvatnet, Haukedalsvatnet og ved Hestadgrend, seier Hoff.

Eit napp i vandrepokalen kan sikkert freiste fleire; i tillegg til heider og ære, får ein namnet sitt på ei tine med ekte viksdalsmålingsdekor og ei ukjend gåve som stadig veks seg større – om ein skulle vere så heldig å vinne prisen heile tre gonger.

Bygda bidreg

Fisken vakar vidare i Viksdalsvatnet, men bit ikkje på Hoff sin krok. Med overskya himmel og opplett er fiskevêret i boks, men om ikkje fiskelukka er på hennar side surmular ho likevel ikkje.

– Men det er ikkje berre fiske det går i! Dei ulike bygdene stiller opp med mat og underhaldning. I kveld er syng Martine Håland og Sande Kro serverer, 4H er med i Haukedalen og laurdag vert det flott konsert i Hestad-kapell.