Hopp til innhold

Skal finne ut kor mykje besøk breen kan tole

JOSTEDALEN (NRK): – Me vil jo visa fram området, men vil ikkje at det skal skada naturen, seier naturforvaltar Inger Moe i Luster. Ved Nigardsbreen skal dei no finna den balansegangen.

Nigardsbreen

POPULÆR: Nigardsbreen har over 60.000 besøkande kvart år.

Foto: Christopher Michel / Flickr/(CC BY-NC 2.0)

Inger Moe

NATURFORVALTAR: Inger Moe jobbar i Luster kommune.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Med over 60.000 besøkande kvart år, kan det fort bli trongt ved den populære brearmen til Jostedalsbreen.

– Det er klart det påverkar verneverdiane i området og gir ein del utfordringar. No skal me finna ut kva retning me vil turismen i området skal ta, seier Inger Moe, naturforvaltar i Luster kommune.

– Det meste toler meir

Alle nasjonalparkar og verneområde skal ha ein besøksstrategi på plass innan 2020, det her Stortinget bestemt. Målet er ein samla plan for korleis verneområda i større grad kan brukast av folk som vil ut i naturen.

– Dei aller fleste verneområda i Norge, og spesielt nasjonalparkane, toler fleire turistar og meir bruk enn det er i dag, seier Olav Nord-Varhaug, seksjonssjef i Nasjonalparkseksjonen hjå Miljødirektoratet.

– Men kva med område som ikkje toler så mykje meir besøk?

– Me legg ikkje opp til meir forbod eller restriksjonar enn det er i dag. Tvert om er all erfaring at med god tilrettelegging vil dei aller fleste bruka dei områda som blir tilrettelagt, og at ein på den måten styrer ferdsel til dei områda som toler det best, seier Nord-Varhaug.

Allemannsretten er ei heit potet

Dei siste åra har ein sett korleis det kan gå når dårleg førebudde turistar kjem i busslast etter busslast og vil besøka norske naturattraksjonar, som Trolltunga eller Preikestolen. Etter alle redningsaksjonane der, har debatten om restriksjonar og allemannsretten gått varm. Den debatten følgjer Moe spent med på.

– Det kan jo tenkast ei grense for kor mange som kan gå her inne på ein dag, dersom all turismen går utover det som er verna her.

– Men vil ikkje det gå utover allemannsretten?

– Jo, det vil jo det.

Mindre marknadsføring?

Turistnæringa skal koma med sine synspunkt til forvaltinga. Målet er ein samla plan for kva ein kan leggja til rette betre for publikum, kvar ein kan laga og forbetra stiar, informasjon, kart og slike ting. Målet at turistar blir ei natt eller to til, og dermed gir auka verdiskaping lokalt.

– Forvaltinga må tora å definera og leggja til rette der ein vil folk skal vera. Me kan hindra mykje slitasje og øydelegging med god tilrettelegging, slik at resten av naturen får vera omtrent urørt, seier Trygve Snøtun ved Breheimsenteret i Jostedalen.

– No er det turistar som vil langt opp på breen, og turistar som berre vil ta ein selfie på parkeringsplassen. Me må ha eit opplegg som passar til alle, eller så må ein begynna å ikkje marknadsføra fullt so breitt som me gjer no, fortel Moe.