Skal finne avsendaren
Generalsekretær Knut M. Olsen vil finne ut kven som sende den grove sex-meldinga til Liv Signe Navarsete. Det skriv VG. Meldinga vart sendt frå ein hyttetur i 2016, der åtte av ti deltakande menn har sentrale verv i partiet. – Målet er å finne ut av kven som sende meldinga og ta i vare dei involverte på best mogleg måte, seier Olsen til avisa.