Hopp til innhold

Snø og vind skapar problem på fjellet

Ruskevêr gjer at meteorologen ber alle tenke seg om to gonger før du tek turen over ein fjellovergang.

Snø på hemsedalsfjellet

NULLFØRE OG SNØDEKKE: På Hemsedalsfjellet blir det meldt om vanskelege køyreforhold med snødekke og nullføre.

Foto: NRK-tipsar

– Vi åtvarar mot vanskelege køyreforhold på fjellet i dag, seier meteorolog Haldis Berge.

Må du ta turen over fjellet i dag, så kan det vere greitt å bu seg på både snø og sterk vind.

I fjellet er det periodar med liten storm og bygevêr. Snøgrensa ligg på 500 til 800 meter. Vinden kombinert snø gir vanskelege køyreforhold på fjellovergangane, seier meteorolog Haldis Berge.

Nullføre og snødekke

Ved Breistølen på Hemsedalsfjellet var det ei stund stengt for store køyretøy. Tonje Tangerud sat i ein av bilane som var på veg over fjellet i ettermiddag. Ho kunne fortelje om tendensar til kaos.

– Det kjem nok litt overraskande på for enkelte. Det er nullføre og snødekke her. Tungtransporten står begge vegar.

Sjølv var Tangerud på veg til varmare strøk i Hellas, og har ei klar oppmoding til alle som skal over Hemsedalsfjellet.

– Vi forlèt ruskevêret til fordel for Hellas, men eg vil oppmode alle bilistar til å sko seg for vinter om dei skal over fjellet, seier ho.

Kan oppleve dårleg sikt

På Vegtrafikksentralen følger dei tett vêrsituasjonen på fjellovergangane.

– Per no er det snø og isdekke på alle fjellovergangane. Vinden er aukande i ettermiddag, og det kan bli fleire problem på kvelden og natta, seier Roger Nedberge Hille som er trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen i Lærdal.

Nedberge Hille har klare råd til bilistar som må over fjellet når det er mykje vind og nedbør.

– Det kan bli samling av vatn, så pass på faren for vannplanning. Elles bør du halde fartsgrensa, seier han.

Nokre av fjellovergangane er allereie stengt. Fylkesveg 243 over Aurlandsfjellet er stengt for vinteren. Sognefjellet er også stengt, men det blir det gjort ei ny vurdering i morgon kl. 12.

– Det er sikt som gjer at det kan gjere vanskeleg å komme seg over fjellet. Blir det for gale må vi stenge, seier Nedberge Hille.