Eit
i kveld.Men det kosta. Allereie etter fem minuttar kunne trenar Eirik Bakke føre Bjørn Inge Utvik opp på ei veksande skadeliste. Forsvarsspelaren måtte ut på båre etter ein overtrakk.
– Eg er veldig godt nøgd, men vi får som vanleg ei utfordring med skade. Men gutane står opp og fram, sa trenar Eirik Bakke til Eurosport i pausen.
Dyngeland hadde kjensla
Kvarteret før slutt vart Sogndal redusert til ti spelarar då debutant Ulrik Fredriksen då han redda ei Haugesund-scoring med handa. Soleklart raudt kort, og straffe til Haugesund.
Vertenes Filip Kiss nytta derimot ikkje høve. Sogndal-keeper Mathias Dyngeland gjekk til rett side og feia ballen vekk.
– Eg har studert han nok siste veka så eg hadde ei kjensle i dag. Kiss er ein veldig roleg og rutinert spelar. Han er kald og då puttar dei gjerne ballen til venstre for meg, seier Dyngeland til Eurosport.
– Veldig slitsamt
Resten av omgangen var det Haugesund som stod for det som skjedde på bana. Sogndal kjempa heroisk og stod i mot eit Haugesund-lag.
Tre gongar redda Sogndal på streken.
– Det vart veldig slitsamt. Eg trur det er den tyngste kampen eg har hatt. Det var tut og køyr i 90 minuttar, men vi rir det av med ti mann på slutten. Det er godt å få sesongens første «clean sheet», seier Dyngeland til Eurosport.