Hopp til innhold

Skaasheim tilbake der det starta

Sist Eirik Skaasheim vitja Kristiansand og Sør Arena, fekk han eliteseriedebuten sin. I dag håpar han på ein minst like god arbeidsdag.

Eirik Skaasheim

KLAR: Eirik Skaasheim fekk debuten borte mot Start i 2011. I år er han tilbake på Sør Arena som meir eller mindre fast inventar i forsvarsrekkja til Sogndal.

Foto: Morten Olsen / Digitalsport

Den gong, for to år sidan, entra han bana kort tid før Ørjan Hopen sytte for poengdeling.

FØLG: Start – Sogndal frå klokka 18

– Eg hugsar dagen godt, så det var litt kjekt å komme attende og gjennomføre ei lita treningsøkt her i går, smiler Eirik Bergum Skaasheim på telefon frå Kristiansand.

Rakk ikkje bli nervøs

Sidan søndag 3. juli 2011 har 20-åringen meir eller mindre etablert seg på førstelaget til Sogndal. Det er blitt 37 eliteseriekampar frå start, og sju som innbytar. Han har endåtil spelt med flagget på brystet, både for U19 og U21-landslaget.

Kampen på Sør Arena for to år sidan sit framleis godt i hugsen.

– Eg hadde vore med på ein del kampar det året. Men det vart med å sitje på benken. Då eg fekk beskjeden om å gjere meg klar, så rakk eg vel aldri å bli nervøs før eg stod på bana, mimrar han.

Skal slå tilbake

Hannu Patronen og Calvo Fonseca

TILBAKE: Hannu Patronen er attende i midtforsvaret i dag.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Når Skaasheim og Sogndal i dag entrar den same kunstgrasmatta i Kristiansand, er det med visse om at det er to lag som siste par kampane har ulik formkurve.

Etter ein svak sesong ser Start ut til å ha funne forma. Dei to siste kampane har enda med siger. Sogndal har tapt sine to siste.

– Statistikk kan vere spennande, men kvar kamp lever sitt eige liv. Og vi er tente på å slå tilbake og ta tre poeng. Start har hatt kampanje her for å fylle tribunen, så alt press er på deira skuldrer. Det skal vi utnytte. Vi skal spele med senka skuldrer, seier 20-åringen.

Skal ha sjølvtillit

Tom Mangersnes

NØGD: Tom Mangersnes har brukt godt med tid til å analysere dagens motstandar og er nøgd med utgangspunktet Sogndal har.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Assistenttrenar Tom Mangersnes trekkjer den same konklusjonen. Statistikk seier det ein vil den skal seie. Ser ein på dei siste fem kampane, har Start ti poeng medan Sogndal har seks.

Mangersnes viser til at ein ikkje skal så langt tilbake i tid før Sogndal hadde to sigrar på rad. Sogndal er også det tredje beste bortelaget i eliteserien.

– Det skal gje oss sjølvtillit, men vi skal ikkje bli naive. Det kan ikkje vere slik at vi blir naive og sjølvgode. Sjølvtillit er bra, men blir ein for sjølvgod går det gale, seier han.

Stinn brakke

Alt tyder på stinn brakke på fotballarenaen i Kristiansand. Heimelaget er i full gang med å selje unna sponsorbillettar.

Berre få timar før kampstart nærmar det seg 10.000 selde billettar.

– Det blir nok eit lurveleven og stor stemning. Det blir moro å vere til stades, seier Mangersnes og leivde liten tvil om at dei har planar om å kaste kaldt vatn på sørlendingane sitt håp om å overleve i eliteserien.

– Dei er sårbare

bjørn inge utvik

BENKEN: Bjørn Inge Utvik har gjort sine saker bra i det siste, men må starte dagens kamp på benken.

Foto: Ness, Jan Kåre / NTB scanpix

– Vi møter eit godt lag som på sitt beste spelar med mykje entusiasme, pågangsmot og trøkk i spelet sitt. Ditto blir dei veldig sårbare og gir frå seg veldig mykje rom om ikkje ting flyt for dei, seier Mangersnes.

– Og korleis har de planer om å få Start ut av flyten?

– Solomon Owello er ein veldig viktig spelar for Start når dei angrip. Han løyser opp spel og er ein god spelførar. Så er det Espen Hoff på topp. Men, det viktigaste er uansett at vi er oss sjølve.

Patronen tilbake

Både Ruben Holsæter (skade) og Hannu Patronen (karantene) er attende i troppen til oppgjeret på Sør Arena. Det betyr valets kvalar når det gjeld kven som utgjer midtstopparparet saman med Gustav Valsvik.

Ruben Holsæter

TILBAKE: Ruben Holsæter er i troppen att etter skade.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

17-årige Bjørn Inge Utvik har nemleg gjort sine saker bra på laget.

– Bjørn Inge har levert veldig gode prestasjonar, men Hannu er på ein måte litt av kjernen i laget, seier Mangersnes og stadfestar at finnen er tilbake i midtforsvaret når kampen sparkar i gang klokka 18.

Vil bli viktig

– Bjørn Inge er 17 år og er under utvikling. Han nyttar seg av kvar einaste sjanse han får og har vist at han tek utfordringar på strak arm. Han vil bli ein viktig spelar og ein kjempespelar over tid, legg Mangersnes til.

Han ynskjer ikkje å røpe kven som startar kveldens oppgjer i Kristiansand, men legg til at midtbanespelarane Sidy Sagna, Magnus Stamnestrø, Malick Mane og Rune Bolseth får tøffare kamp om plassen med Holsæter tilbake i troppen.