Eliteserien fotball 2020: Brann - Vålerenga.
Foto: Marit Hommedal

SK Brann, Eliteserien 2021

Oppsummert

NRK Vestland følger Brann tett gjennom hele sesongen.

  • VIF-spelar nær signering med Brann

    Felix Horn Myhre (22) er svært nær å bli Brann-spelar, ifølge Bergens Tidende. Etter det avisa har grunn til å tru var midtbanespelaren torsdag kveld i ferd med å signera for Brann. Myhre er tenkt som backup for Branns skadde kaptein Daniel Pedersen.

  • Forlenga med Brann

    Kristoffer Barmen har forlenga sin kontrakt med Brann til ut 2025-sesongen.

    Det stadfestar eliteserieklubben på sine nettsider onsdag.

    27-åringen var i utgangspunktet på veg inn i den siste sesongen av den gamle avtalen.

    – For min del er dette kjempeartig, og eg er overlykkeleg. Det var aldri tvil om kor eg vil spele og vere, seier Barmen i ein uttale.

    Barmen kom til Brann i 2003 som 10-åring.

    Etter å ha gått gradene i klubben fekk han debuten i mai 2011 mot Tromsø. Sidan den gang har han spelt 236 obligatoriske kampar.

    Kristoffer Barmen
    Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix