Hopp til innhold

SK Brann og SK Brann Kvinner blir same klubb

Dei ekstraordinære årsmøta i SK Brann Kvinner og SK Brann har i kveld vedteke fusjonering, det melder klubben.

Dermed blir herre- og kvinnelaget til Brann same klubb frå 1. januar 2023. Eit samrøystes årsmøte i SK Brann Kvinner vedtok fusjonen; av dei 50 som nytta seg av stemmeretten i SK Brann sitt årsmøte stemte 49 for og ein mot.

SK Brann Kvinner var fram til i fjor haust ein del av IL Sandviken.