Det vedtok styret i det statlege kontrollorganet for utdanning, NOKUT, torsdag. Hovudårsaka er manglande teoretisk kunnskap hos lærarane. NOKUT kom tidlegare i år med ei innstiling der berre fire av dei 31 sjukepleie-utdanningane i landet oppfylte krava.
Er ikkje overraska
Rektor Johs Thaule er ikkje overraska over vedtaket, men han seier høgskulen innan to år skal klare å oppfylle krava.
- Dette var ikkje uventa, men no har vi har laga ein konkret plan for korleis vi skal nå desse måla, seier han.