Hopp til innhold

– Trist at det er eit «parkeringspoliti» som går rundt og bestemmer seg for at folk er idiotar

Medan sjukepleiar Katja var på jobb for å stelle alvorleg demenssjuke, la nokon ein lapp på frontruta hennar med påstandar om at ho er ein evneveik bilist.

Katja Søs Nielsen og lappen ho fekk lagt i vinduet på bilen.

LAMINERT BESKJED: Katja Søs Nielsen er sjukepleiar og tykkjer ikkje noko om at nokon går rundt anonymt og legg slike lappar på bilane.

Foto: Privat

– Det er trist at det er eit «parkeringspoliti» som går rundt og bestemmer seg for at folk er nokon idiotar, seier Katja Søs Nielsen frå Førde til NRK.

For nokre dagar sidan skulle ho på kveldsvakt på sjukeheimen i Førde sentrum, der ho jobbar på avdelinga for alvorleg demenssjuke.

Helsetunet og området rundt har få parkeringsplassar.

Sidan det var kveld, valde ho å parkere bak bygget på ein umerka plass.

– Eg passa på at folk kunne kome forbi på fortau og utanfor vegen. Slik at eg ikkje stod i vegen for nokon.

– Kan ikkje berre gå frå

Då ho kom ut igjen til bilen, hadde nokon lagt igjen ein plastlaminert lapp i frontruta med tydeleg langfinger og følgjande tekst:

«De parkerer praktfullt. Velkommen i klubben for evneveike bilistar.»

– Eg synest det er litt trist. Eg er på jobb og passar på dei aller sjukaste vi har. Då kan eg kan ikkje berre gå ifrå for å flytte bilen når det måtte passe.

Det høyrer med til historia at staden ho parkerte er mykje brukt som parkering, også av andre som slit med å finne ledig plass på kveldstid.

Førde helsetun

TRONGT OM PLASSEN: Det er mange tilsette og få parkeringsplassar ved Førde Helsetun. Men Katja Søs Nielsen hevdar hardnakka at ho ikkje parkerte til sjenanse for nokon.

Foto: Katrine Nybø / NRK

– Fleire har opplevd det same

Kirstin Bruland er kommunalsjef for omsorg i Sunnfjord kommune. Ho var ikkje kjend med lappen.

– Det er kjedeleg at tilsette blir møtt med slike meldingar. Etter mi meining er ikkje dette rette måten å ta opp feilparkering på, seier ho.

Fleire andre tilsette på sjukeheimen og i den kommunale psykiatritenesta har opplevd det same, men ingen veit kven det er som går rundt i mulm og mørke og legg lappar på frontrutene.

– Det verkar til å vere ein liten klubb som alltid er budd med nye, laminerte lappar. Det er litt tragikomisk, seier Nielsen.

Ho legg til at dei heller kan etterlyse fleire parkeringsplassar i staden for å agere «parkeringspoliti»:

– Det er ikkje rart det er krig i verda.

Vil vite kven det er

I 2020 la politiet vekk ei sak der nokon sende sjikanerande brev til tilsette på sjukeheimen.

– Vi har ikkje klart å finne nokon mistenkte og er nøydde til å legge vekk saka, sa lensmann i Sunnfjord, Dag Fiske til Firda.

Han har førebels ikkje hatt høve til å kommentere saka om parkeringslappane – og den er heller ikkje meld til politiet.

– Men det kunne absolutt vere interessant å finne ut kven som driv med dette, meiner sjukepleiar Katja Søs Nielsen.