Vaksinering av helsepersonell i full gong – men enkelte seier nei

1 av 9 sjukepleiarar i Noreg svarte at dei ville takke nei til koronavaksinen, no gjer enkelte det. – Det er eit press om at helsepersonell skal vera for vaksinering, seier sjukepleiar.

Første koronavaksine setter ved Haukeland universitetssjukehus

ENKELTE SKEPTISK: Ei undersøking av Norsk sjukepleiarforbund blant 23.000 sjukepleiarar viste at 11 prosent ville seie nei til vaksinen. ILLUSTRASJONSFOTO

Foto: Marit Hommedal

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

NRK presiserer: Kjelden i denne saka påsto i første versjon at det er «veldig lite» koronavaksinen kan hjelpe mot. Vi har valt å ta vekk denne, og viser til FHI sine informasjonssider om effekten av koronavaksinen.

Elisabeth Sandhåland jobbar som sjukepleiar i Haugesund kommune.

Ho bestemte seg tidleg for at ho ikkje ville ta vaksinen.

– Eg kjenner ikkje til biverknadene. Eg er ikkje vaksinemotstandar, men ønsker ein trygg vaksine som har blitt testa mykje lenger.

Når vaksineringa no er i gong er det enkelte i Helse Noreg som seier nei til vaksinen. Det har dei lov til.

FHI slår fast at det er eit viktig og grunnleggande prinsipp i Noreg at vaksinering er frivillig.

– Det gjeld også for helsepersonell. Dei har lov til å nekta, seier overlege og seksjonsleiar Are Stuwitz Berg ved Folkehelseinstituttet (FHI).

 Overlege Are Stuwitz Berg i Folkehelseinstituttet (FHI)

FRIVILLIG: Are Stuwitz Berg ved Folkehelseinstituttet meiner vaksinering er trygt, men seier helsepersonell og alle andre kan velja sjølv.

Foto: Torstein Bøe / NTB

Peikar på biverknadar

Sandhåland har tidlegare i haust delt ein ikkje verifisert artikkel på Facebook med ein teori om at koronavaksinen kan innehalde mikrochip. NRK har konfrontert ho med dette, og ho seier ho ikkje delte den fordi ho trur det nokon chip i vaksinen.

Den har ingenting med at ho ikkje vil ta vaksinen, seier ho til NRK.

Ho meiner ein veit for lite om effekten av vaksinen.

– Til dømes veit ein ikkje biverknadane på lang sikt.

Sandhåland tenker at ho har eit naturleg immunforsvar.

– Så eg føler meg ganske trygg på at eg ikkje treng denne vaksinen, rett og slett.

Misforståing

Berg i FHI avviser at effekten er uviss.

– Vaksinane som no er godkjende har like godt dokumentert effekt som kvar og ein annan vaksine. Det er ikkje tatt nokon snarvegar eller hastegodkjenningar i den forstand.

Han kallar det ei misforståing at vaksinen er gjort så veldig hastig.

– Det stemmer at me veit litt lite om kort- og langtidseffekten. Men effekten her og nå er det veldig gode studiar på, seier han.

Delte meiningar

Norsk Sjukepleiarforbund gjorde i november ei kartlegging.

Blant nærmare 23.000 sjukepleiarar svarte 52 prosent at dei ville ta koronavaksinen når dei fekk tilbodet.

37 prosent var usikre, og nærmare 11 prosent svarte nei.

Sjukepleiarforbundet opplyser at dei ikkje planlegg ei ny undersøking no når vaksinasjon av helsepersonell er starta.

– Dei har lov å nekta

Men ein arbeidsgjevar for helsepersonell har jo ein viss styringsrett, og ei plikt til å beskytta arbeidstakarane sine.

– Så viss det er viktig at du er beskytta mot virusinfeksjonar i jobben din, kan nok arbeidsgjevaren omplassera deg til andre oppgåver innanfor same verksemda, seier han.

Ordførar Arne-Christian Mohn (Ap) seier Haugesund kommune ikkje har diskutert kva dei vil gjera med sjukepleiarar som ikkje vil vaksinera seg.

– Inntil vi veit sikkert om vaksinen beskyttar mot å smitta vidare, noko vi ikkje veit i dag, så bør det vere opp til kvar enkelt å ta vaksinen, seier han.

Arne-Christian Mohn - portrett

OPP TIL EIN KVAR: Ordførar Arne-Christian Mohn (Ap) meiner det bør det vere opptil kvar enkelt om dei vil ta vaksinen.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

– Mange er redde

Sjølv om vaksinasjon er frivillig, fortel Sandhåland om både tabu og vaksinepress blant kollegaer i helsesektoren.

– Det er eit press om at helsepersonell skal fronta og vera for vaksinering, for at me skal komma ut av pandemien og få fridomen tilbake.

– Eg veit det er mange helsepersonell som er redde no. Dei ønsker ikkje å ta vaksinen, men tør ikkje nekta, seier Sandhåland.

Ifølge henne er folk redde for å mista jobben, å ikkje få reisa, og redde for å få kritikk om at dei hindrar at me kjem ut i fridomen igjen.

– Det er klart me ikkje skal ha nokon gapestokk, verken for dei som er smitta, eller for dei som er skeptiske eller tvilande til vaksinasjon, seier Berg i FHI.

Han peikar på at det må vera eit ope ordskifte om dette.

– Me må snakka om det og prøva å opplysa og oppfordra til at så mange som mogleg lar seg vaksinera, seier han.

Pasient løftes av leger og sykepleiere på intensivavdelingen på Haukeland sykehus

SKEPSIS: I november var nesten halvparten av 23.000 spurde norske sjukepleiarar skeptiske eller negative til å ta koronavaksine.

Foto: Katrine Sunde / Haukeland universitetssykehus

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 05.03.2021
2 824
Smittede/uke
120
Innlagte
632
Døde
377 566
Vaksinerte