Hopp til innhold

Sjukehusstriden splittar partia

Samarbeidspartia Senterpartiet og Arbeidarpartiet slit med sjukehushøyringa i Fylkestinget. I går kveld måtte gruppeleiar Jenny Følling (Sp) be om meir tid, då saka skulle opp i fylkesutvalet.

Sentralsjukehuset i Førde.

STRIDENS KJERNE: Styret i Helse Førde vil satse tungt på Sentralsjukehuset i Førde.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Senterpartiet klarte først etter åtte timar å komme fram til eit framlegg til fråsegn, skriv firda.no.

Vil ikkje bruke partipisk

Følling argumenterte med at det var ønskjeleg med breiast mogleg semje.

Det er førebels uvisst om Senterpartiet klarer å få med seg Arbeidarpartiet og SV på sine formuleringar. Også Arbeidarpartiet har intern strid om formuleringane, og partiet har bestemt seg for å fråvike prinsippet med bunden gruppe i denne saka.

Krev sjukehus som i dag

På den andre sida har Høgre, Venstre, KrF og Frp komme fram til eit felles framlegg, når fylkestinget i dag skal diskutere sjukehusa i Sogn og Fjordane - men desse partia har ikkje fleirtal.

Dei fire partia krev ein sjukehusstruktur i Helse Førde lik den som er i dag.

Dei protesterer mot at samhandlingsreforma vert lagt til grunn for endringane, sidan reforma enno ikkje er vedteken og innhaldet bestemt.

Som eit siste punkt krev dei meir pengar til sjukehusa i fylket, og meiner regjeringa lova dette i regjeringserklæringa.