Hopp til innhold

Sjukehusa førebur seg på storinnrykk av ukrainske pasientar

550 ukrainske flyktningar skal fordelast på norske sjukehus. – Me veit jo ikkje heilt kva me har i vente, seier sjukehusdirektør.

Haukeland universitetssjukehus

FØREBUR SEG: Haukeland universitetssjukehus er eit av fleire sjukehus som no førebur seg til å ta i mot 550 ukrainske flyktningar som treng medisinsk hjelp.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Mange born og unge som er avhengige av å få behandling på sjukehus måtte flykta frå Ukraina då krigen brøyt ut.

No skal fleire av dei fortsette behandlinga i Noreg.

Sjukehusa rundt om i landet prøver no å føresjå kva behandlingstilbod pasientane vil trenge.

– Me førebur oss så godt me kan, men veit jo ikkje heilt kva me har i vente, seier viseadministrerande direktør Randi-Luise Møgster i Helse Bergen.

Klinikkdirektør Ansgar Berg ved Haukeland universitetssjukehus

Klinikkdirektør Ansgar Berg ved Haukeland universitetssjukehus er førebudd på å ta imot born med andre utfordringar.

Foto: Gerd Johanne Braadland / NRK

1.500.000 born på flukt

Ifølge Helse- og omsorgsdepartementet har regjeringa forplikta seg til å ta imot 550 ukrainske pasientar og deira pårørande.

I Bergen førebur helseføretaket seg no til å ta imot nokre av dei.

Tilsette les seg opp på bakgrunnsinformasjonen om flyktningane og orientere seg om folkehelsesituasjonen i Ukraina.

Ein av dei venta utfordringane er knytt til mangel på vaksinering, spesielt hjå born og unge.

– Me oppdaterer retningslinjene for sjukdommar me vanlegvis ikkje ser i Noreg, men som kan vera vanleg hjå ukrainske barn og ungdommar, seier direktør for barne- og ungdomsklinikken ved Haukeland, Ansgar Berg.

Han nemner særleg meslingar, tuberkulose og polio.

Svært mange av dei ukrainske flyktningane er under 18 år. Tal frå Unicef og Verdas helseorganisasjon tyder på at 1,5 millionar barn allereie har flykta ut av landet.

– Me har god kontroll

Berg understrekar at innbyggarar i Noreg ikkje skal vera redde for at det kan komma ei smittebølge via ukrainske flyktningar.

Alle får ein helsesjekk når dei først kjem til landet.

– Så dette har me god kontroll på. Uansett kor mange flyktningar me tar inn, blir det berre nokre få slike sjukdomstilfelle i helsevesenet vårt, seier Berg.

Det at helsevesenet har fokus på smitte- og sjukdomsrisiko, må ikkje føra til stigmatisering av flyktningar.

Ansgar Berg, klinikkdirektør Helse Bergen

Kva behandlingsbehov ukrainske flyktningar faktisk vil trenga på norske sjukehus, veit ein førebels ikkje.

– Men me veit at det kjem mange kvinner og born, og at mange har vore vitne til eller utsette for traumatiske hendingar og opplevingar, seier Møgster i Helse Bergen.

Randi-Luise Møgster, viseadministrerande direktør i Helse Bergen

Randi-Luise Møgster i Helse Bergen seier det kan bli aktuelt å flytta rundt på tilsette for å hjelpe avdelingar med ukrainske pasientar.

Foto: Katrine Sunde / Katrine Sunde

Førebels få

Ifølge Møgster kan det bli aktuelt at tilsette i Helse Bergen blir flytta til avdelingar som får mange ukrainske flyktningar.

Enn så lenge har ikkje Helse Bergen hatt ein særskild pågang. Det same melder Oslo universitetssjukehus (OUS).

– Omfanget me har sett oss til no, gir oss ikkje store utfordringar. Me tilbyr ordinær pasientbehandling som me har kompetanse og kapasitet til på ein heilt grei måte.

Det seier Anders Beyer, pressevakt ved Oslo universitetssjukehus.

Dette sjukehuset har nasjonal koordineringsansvar for spesialisthelsetenester til flyktningar frå Ukraina.

– Vår rolle er å hjelpa helsestyremaktene med ei fornuftig og trygg gjennomføring, for å samordna og utnytta ressursane på ein god måte til beste for barn og vaksne som no kjem frå Ukraina, seier han.