Hopp til innhold

Sjukehus utset planlagde kreftoperasjonar på grunn av korona-krisa

Kreftoperasjonar blir skyve på ved fleire sjukehus. Haukeland universitetsjukehus utset operasjonar med låg risiko. – Blir pandemitoppen høg, vil vi få eit problem.

Haukeland universitetssjukehus

UTSET: Enkelte kreftoperasjonar med låg risiko blir utsett ved både Haukeland universitetssjukehus (bildet) og Sykehuset Innlandet.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Norske sjukehus har varsla at planlagd behandling, som ikkje er livskritisk, kan bli utsett framover på grunn av korona-krisa. Eitt av unntaka er kreftkirurgi, som fleire sjukehus seier til NRK at dei vil prøve å skjerme.

Men allereie i helga fekk ein pasient ved Sykehuset Innlandet beskjed om at operasjonen hans var utsett. Også Haukeland universitetssjukehus utset kreftoperasjonane som har lågast risiko.

Skulle opererast

NRK har snakka med familien til ein kreftpasienten som i helga fekk beskjed om at operasjonen var blitt utsett.

– Vi ringde til sjukehuset for å høyre når operasjonen blir sett opp igjen. Vi fekk til svar at det var unntakstilstand. «Vi veit ikkje meir enn deg. Kanskje når dette er over», sa dei, fortel dei til NRK.

Dagen etter kom kontrabeskjed frå sjukehuset om at mannen ville bli operert likevel, men familien veit enno ikkje kva dag operasjonen vil skje.

Familien seier utsettinga skapte usikkerheit for både pasienten og dei pårørande.

Lillehammer sykehus

LILLEHAMMER: Ved Sykehuset Innlandet blei ein kreftoperasjon som skulle vore gjennomført måndag utsett.

Foto: ALEXANDER NORDBY / NRK

Prioriterer dei mest akutte

På heimesida til Sykehuset Innlandet står det at alle planlagde innleggingar blir utsett, men unntak av blant anna livsviktig behandling som ikkje kan vente.

Kommunikasjonsrådgjevar ved Sykehuset Innlandet, Line Fuglehaug, seier ho har stor forståing for at kreftpasientar er bekymra.

Ho har ikkje oversikt over kor mange planlagde operasjonar for kreftpasientar som er utsett.

– Men vi må ha tillit til korleis legane prioriterer. Dei mest akutte operasjonane vil bli prioritert. Vi kan ikkje seie kor mange med kreft som vil få operasjonen utsett, eller kor lenge dei vil vere det. Ingen veit omfanget av dette enno, og kapasiteten til å utføre operasjonar kan endra seg raskt.

Sjukehuset har måndag to smitta pasientar. Fem tilsette er også smitta.

Haukeland utset også kreftoperasjonar

Ved Haukeland universitetssjukehus er talet på operasjonar ved sjukehuset halvert denne veka, ifølgje Christian Beisland. Han leiar arbeidet med å prioritere kirurgi ved sjukehuset.

Han seier nokre kreftoperasjonar er ramma:

– Kreftoperasjonar med lav risiko er utsett, dette kan til dømes vere nokre av pasientane med prostatakreft. Dette er kreftoperasjonar som ein kan utsett med både fire og åtte veker, utan et det utgjer ein risiko for pasienten, seier Beisland til NRK.

Han seier situasjonen endrar seg minutt for minutt.

– Vi har ein plan for korleis vi gjennomfører kirurgi, men vi har ikkje fleire folk enn kva vi har. Vi planlegg i detalj korleis kvar enkelt pasient kan få best mogleg behandling, og fordeler folk ut på dei mest akutte operasjonane, seier han.

– Blir pandemitoppen så høg som i skrekkscenarioa, vil vi få eit problem, seier Beisland.

Avdelingssjef på urologisk avdeling Christian Beisland

KAN ENDRE BEHANDLING: – Vi vurderer kvar enkelt pasient opp mot risiko. For nokre kan det vere at vi må endre behandling, for eksempel om vi vurderer at smitterisikoen vert for høg ved at pasientar får redusert immunforsvar, seier Christian Beisland, avdelingssjef på urologisk avdeling ved Haukeland.

Foto: Stine Mari Velsvik / NRK

Ber kreftpasientar ta kontakt

Andre sjukehus svarar tysdag at kreftoperasjonar går som planlagd.

Både St. Olavs hospital i Trondheim, Sørlandet sjukehus, Oslo universitetssjukehus og Akershus universitetssjukehus seier at planlagde kreftoperasjonar vil bli gjennomført.

Kreftforeningen ventar at korona-smitta vil få konsekvensar for fleire kreftpasientar, og er i dialog med norske helsemyndigheiter om korleis epidemien påverkar behandlinga.

Dei ynskjer at kreftpasientar som er uroa tar kontakt.

– Vi oppfordrar folk til å ringje med bekymringar og spørsmål dei har. Vi ynskjer også at folk seier ifrå til oss om dei ikkje får behandling, seier Ingrid Stenstadvold Ross, påtroppande generalsekretær i Kreftforeningen til NRK.

Ingrid Stenstadvold Ross

TA KONTAKT: Kreftforeningen vil høyre frå pasientar som får utsett behandlinga som følgje av korona-krisa.

Foto: Øyvind Bjørkum/Kreftforeningen

Informerer pasientar

Måndag brukte tilsette ved Sykehuset Innlandet mykje tid på å informere pasientar som har fått utsett planlagde operasjonar, ifølgje kommunikasjonsrådgjevaren.

– Vi er nøydde til å prioritere tid og ressursar knytt til å hindre smitte på sjukehuset. Å utsette planlagde operasjonar og polikliniske timar, hindrar mange smittekjelder frå å kome inn på sjukehuset. Men det er viktig å understreke at sjukehusa er operative til akutt hjelp, seier Fuglehaug.

Hei!

Ser du en feil i denne saken? Eller er det noe annet du lurer på? Send meg gjerne en e-post!