Hopp til innhold

Undersøkte ikkje dødssjuke John (82) – meiner kona har skulda

VÅGSØY (NRK): Ektemannen hadde livstrugande infeksjon og var ikkje bevisst då kona Tora Hopland fann han åleine på rommet. Sjukeheimen meiner kona har skulda for at det ikkje vart teke prøve av han.

John og Tora Hopland

DÅRLEG HELSE: Tora Hopland (78) besøker ektemannen John Hopland (82) på Kulatoppen sjukeheim så ofte ho kan. Han slit med veldig dårleg helse. Ho er fortvilt over at sjukeheimen gav ho skulda for at det ikkje vart teke prøver av ektemannen. (Biletet er teke for ein del år tilbake).

Foto: Privat

– Det er vondt og forferdeleg at sjukeheimen prøvar å leggje skulda på meg, seier Tora Hopland. Ho er kona til John Hopland (82) som har vore pasient ved Kulaoppen sjukeheim sidan januar 2016.

Nyleg vart det kjent at tilsette ved nettopp Kulatoppen sjukeheim i Vågsøy ved fleire høve hadde klipt av alarmsnora til ein pasient om natta. Dette fordi dei opplevde at pasienten maste. Det var Firdaposten som først omtalte saka. Vedkomande som klipte snora jobbar framleis i omsorgstenesta i kommunen.

I slutten av juli i fjor vart Tora Hopland ringt opp av sjukeheimen. Ho fekk beskjed om at ektemannen var alvorleg sjuk og at ho måtte kome med ein gong. Ho fekk vite at han hadde rykkingar, var veldig sliten og at dei nesten ikkje fekk kontakt med han.

Tora Hopland utanfor Kulatoppen omsorgssenter

FORTVILT: – Det har vore vondt og fortvilande at dei tilsette på sjukeheimen har lagt skulda på meg for at det ikkje vart teke prøver av mannen min, seier Tora Hopland. I bakgrunnen ser vi Kulatoppen sjukeheim.

Foto: Bård Siem / NRK

Hadde ikkje tilkalla lege

Tora vart sjokkert då ho fann ektemannen åleine på rommet. Han var medvitslaus og ho kunne ikkje finne ein einaste pleiar.

78-åringen sprang rundt på sjukeheimen før ho endeleg fekk tak i ein pleiar på ei anna avdeling. Då kom neste sjokk. Det var ikkje tilkalla lege. Tora kravde at lege måtte tilkallast umiddelbart.

Ambulansepersonellet mistenkte at John hadde fått slag og tok han straks med til sjukehus. Prøver viste at han hadde ein kraftig øvre urinvegsinfeksjon. Han vart liggande på sjukehus i ni dagar.

Sjukeheimen fråskreiv seg ansvar

Så fekk Tora endå eit sjokk. Sjukeheimen meinte det var hennar eiga skuld at det ikkje vart teke CRP-prøve av ektemannen. Ei prøve som enkelt ville ha påvist at 82-åringen hadde alvorleg infeksjon i kroppen.

I eit brev til Fylkeslegen i Sogn og Fjordane skriv sjukeheimen mellom anna:

«Hun forlangte at pleiaren ringte legevakten med en gang og vart sint på henne for at det ikke var gjort. Dette gjorde at pleiaren ikke fikk tatt CRP før hun kontaktet legevakten».

Fylkeslegen slår fast at det var vanskeleg å få kontakt med John Hopland allereie ved frukosten. Han sat skeivt på stolen, og hovudet vart hengande over mot venstre skulda. Så vart han lagt i senga for å sjå om han kom seg igjen. Det var dermed god tid til å ta CRP-prøve.

Kulatoppen sjukeheim

OMFATTANDE SVIKT: Det er avslørt omfattande svikt her ved Kulatoppen sjukeheim i Vågsøy. Mellom anna vart ringesnora til ein pasient klipt av.

Foto: Bård Siem / NRk

– Forkasteleg

«Sjukepleiaren hadde rundt ein og ein halv time på seg på å måle CRP. Då å gje pårørande skulda for dette er grunnlaust og nesten forkasteleg», skriv dei pårørande i eit brev til Fylkeslegen.

I vedtaket frå Fylkeslegen går det fram at det var ei feilvurdering å ikkje kontakte lege på eit langt tidlegare tidspunkt. Det blir konkludert med at helsehjelpa John Hopland fekk ikkje var fagleg forsvarleg.

På eit møte med sjukeheimen etter Fylkesmannen sitt vedtak, rekna dei pårørande med ei orsaking. Men det fekk dei ikkje. I staden fekk dei vite at Fylkesmannen sitt vedtak var feil og at sjukeheimen ikkje hadde gjort noko gale.

«Ein må legge til grunn at svikten i denne saka ikkje har hatt noko læringseffekt for sjukeheimen eller ført til kvalitetsbetrande tiltak», skriv pasientombodet i Sogn og Fjordane.

Kommunalsjef legg seg flat

Kommunalsjef for helse og omsorg i Vågsøy kommune, Jeanette Jensen, legg seg flat.

– Det er forferdeleg beklageleg det som har skjedd. Det har vore omfattande svikt på fleire felt, seier ho.

Korleis kan det skje ringesnora til pasientar blir klipt av og at pårørande får skulda for manglande prøvetaking?

– Slikt skal ikkje skje. Vi har starta eit stort arbeid for å få betre rutinar og betre tenester, seier ho.

Er ein avhengig av at kritikkverdige forhold hamnar i media før det kjem orsaking frå kommunen?

– Nei, slik skal det ikkje vere.

Jeanette Jensen, pleie- og omsorgssjef Vågsøy

LEGG SEG FLAT: Kommunalsjef for helse og omsorg i Vågsøy kommune, Jeanette Jensen, beklagar svikten ved Kulatoppen sjukeheim på det sterkaste.

Foto: Bård Siem / NRk