Hopp til innhold

129 bebuarar evakuert frå sjukeheim etter gasslekkasje

Ein gasslekkasje gjorde at Fyllingsdalen sjukeheim vart evakuert og Haukeland universitetssjukehus sett i beredskap. Tre personar vart sendt til legevakt og ein person til sjukehus for ein sjekk etter å ha pusta inn gassen styren.

Fyllingsdalen sykehjem

EVAKUERT: Naudetatane hadde mange ressursar på staden for å evakuere 120 bebuarar.

Foto: Bergen Foto og Media

Det var operasjonssentralen i politiet som melde om mogleg gasslekkasje ved bygget onsdag ettermiddag.

– Naudetatane kom raskt fram til staden. Det luktar sterk plast inne i bygget. Det går føre seg evakuering av sjukeheimen, skreiv politiet på Twitter.

Til NRK opplyser politiet at til saman 129 bebuarar vart evakuert.

– Nokre har meldt tilbake om at det svir i augo deira, sa operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen.

Sjukehuset sette beredskap

110-sentralen i Hordaland seier det truleg er arbeid i nærleiken som har gitt sterk gasslukt også ved sjukeheimen.

– Vi fekk melding 13.33 frå sjukeheimen om at det lukta noko som kunne minne om ammoniakk. Det vart raskt klart at lukta truleg kom frå arbeid med røyr i nærleiken av sjukeheimen, seier vaktkommandør Helge Lund ved 110-sentralen i Hordaland.

Uhellet skuldast ein tabbe, der ein entreprenør har send styrengass inn i lufteanlegget.

– Dette skulle aldri skjedd, det heile er forferdeleg leit, seier prosjektleder i Vann- og avløpsetaten, Trym Trovik, til BA.

Klokka 15.00 starta brannvesenet utlufting av sjukeheimen.

Kommunikasjonsdirektør Erik Vigander i Helse Bergen, opplyser at Haukeland universitetssjukehus vart sett i gul beredskap.

– Vi var klare til å ta imot pasientar og mobiliserte mannskap.

Klokka 15.07 melde Helse Bergen til NRK at dei var i ferd med å avbryte beredskapen.

Til sjukehus for ein sjekk

Pasientane vart samla i eit fellesrom medan romma deira vart lufta ut.

Innsatsleiar på staden opplyste til NRK at tre personar vart sendt til legevakt for kontroll. Ein person vart sendt til sjukehus.

– Dei fire følte ubehag grunna den sterke lukta.

Ifylgje brannvesenet er mengdene styrengass bebuarane fekk i seg, ikkje skadelege i så små mengder.