Hopp til innhold

Sju vart huslause i branndrama

Ein tomannsbustad stod søndag kveld i full fyr i Stedjeåsen i Sogndal. Ingen personar skal ha komme til skade.

Husbrann i Sogndal

OVERTENT: Bustadhuset i Sogndal vart søndag raskt overtent i brann.

Foto: Arve Uglum / NRK

Brannen vart meldt politiet klokka 1755 - samstundes som ein brann på Sandane vart meldt .

Ambulanse, politi og brannvesen rykte ut til staden, og ved 21.30-tida opplyser alarmsentralen at brannvesenet jobbar med ettersløkking på staden.

- Alle personane kom seg ut. Den eine delen av tomannsbustaden vart raskt overtent, fortel Atle Skarsbø, som er næraste nabo til huset som brenn.

Eksplosivt

Brannen vart meldt politiet like før klokka 18 søndag kveld.

Det var sambuaren til Skarsbø som såg brannen. Dei som bur i bustaden skal ha vore ute ein tur då brannen utvikla seg eksplosivt.

- Vi sprang ut, fekk ut bebuarane i den andre delen og ringde brannvesenet. Pulsen er rimeleg høg no, fortel Skarsbø.

Bustadbrann i Sogndal.

FULL FYR: Ein tomannsbustad stod søndag kveld i full fyr i Sogndal.

Foto: Inge Kjell Holme / NRK

Fare for nabobustaden

Ved 19.30-tida fekk NRK opplyst at flammane var i ferd med å få tak også i den andre bustaden. Det hadde då byrja å brenne i takkonstruksjonen, og også nabobustaden i tomannshuset skal vere utsett for omfattande skadar.

Ifølgje politiet budde det fire personar i den eine bustaden, og tre personar i den bustaden som er hardast råka. Sju personar er no huslause.

Politiet kan førebels ikkje seie noko om det totale skadeomfanget.

Klokka 21.30 var det ikkje lenger flammar å sjå frå huset. Ifølgje alarmsentralen pågjekk då ettersløkking på staden.

Brann i Sogndal

INTENST: Flammane fekk solid grep om huset, då brannen braut ut i Stedjeåsen i Sogndal.

Foto: Arve Uglum / NRK