Hopp til innhold

Sju politimelde etter fest

Sju personar i Solheimsviken er politimelde for brot på dei lokale smittevernsforskriftene i Bergen etter ein fest natt til onsdag. Det skriv BA. Dei festande var i alderen 20-30 år. Fleire naboar melde frå om bråk frå festen før politiet stoppa den.

– Då politiet kom til staden, høyrde dei høg musikk og ein del bråk. Fleire av dei som var til stades var rusa, seier Ole Jakob Malmo ved Bergen sentrum politistasjon.

Den lokale smittevernsforskrifta som no gjeld i Bergen seier at det ikkje er lov å samla meir enn fem personar i private heimar. I november fekk 13 personar i byen førelegg etter festing. Brot på smittevernsforskrifta er på høvesvis 10 000 kroner for arrangør, og 5000 kroner for deltakarar.