Hopp til innhold

Sju mål i Skavøypoll

Førde tok sin andre siger på rad i 3. divisjon i målkallas i Nordfjord.

Førde var under med to mål etter 25 minutt, men vann til slutt heile 5-2.

Skavøypoll - Førde 2-5 (2-2)

Skavøypoll stadion

Kampen er i gang

10 min. - Framleis mållaust på Skavøypoll stadion.

1-0 Arild Grønnevik Sandal, 10 min.

2-0 Per Magne Løken (straffe)19 min. Preben Torvanger blir lagt ned av ein Førde-spelar og Løken doblar leiinga for heimelaget.

2-1 Steinar Tenden, 25 min. Frispark frå venster 30 meter Kim Tangedal på bakerste der Tenden raga høgaste og heada i mål.

2-2 Bernt Norevik, 43 min. Klabb og babb

Pause - Kampen starta veldig bra for heimelaget. Skavøypoll ligg lavt, men er hissige på kontringar. Dette resulterte i scoringar og fleire store målsjansar. Etter 2-0 kjem Førde meir med og tek over.

Kampen er i gang att

2-3 Tore Evensen, 50 min. Tangedal med nok eit frispark frå høgre. Framfor mål er Evensen sterkast og beiner ballen i mål frå kloss hald.

2-4 Steinar Tenden 33. min. Straffe.

2-5 Ruben Holsæter 42. min.

Slutt - Skavøypoll kom godt i gang. Var aggressive, men Førde tok over og var hissigare i avgjerande situasjonar. Sunnfjordlaget tek ein fortent siger.