Hopp til innhold

Leitte etter narko – fann heimelaga bombe

Eit tilfeldig narkofunn i Bergen førte til at politiet fann ei heimelaga bombe, granat og sprengstoff på Voss. – Det er tydeleg at nokon har sett seg inn i korleis ein lagar det, seier politiet.

Leitte etter narko - fann heimelaga bombe

FANN HEIMELAGA BOMBE: Politiet på Voss fann i natt ti kilo dynamitt og sprengstoff frå forsvaret i ein privat garasje.

Sju bustadar og tjue personar blei torsdag evakuerte etter at politiet fann ei heimelaga bombe, ein granat og militært sprengstoff i fleire bustadar på Voss.

Funn av bombe på Voss

SØKTE MED HUND: Politiet si bombegruppe gjennomførte i dag søk i området med hund.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– Bombegruppa konstaterte at dette var ei bombe som kunne vere farleg, seier lensmann på Voss, Ivar Hellene.

Politiet har arrestert og sikta to menn og ei kvinne i tjueårsalderen.

Bakgrunnen for bombefunnet var ei pågriping gjort i Bergen natt til torsdag. To personar blei tatt med piller og amfetamin på seg. Då politiet ransaka bustadane deira på Voss, fann dei den heimelaga bomba.

Politiet ser svært alvorleg på at det vart funne både sivilt sprengstoff og sprengstoff tilhøyrande Forsvaret, fortel politiadvokat Sylvia Myklebust.

– Det er skremmande at personar som rusar seg på narkotika har tilgang på sprengstoff, og faktisk har bygd ei bombe.

– Bomba står fram som profesjonelt laga

Voss

SPERRA AV: I denne garasjen fann politiets bombegruppe i går kveld sprengstoff.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

To av dei sikta bur i huset der sprengstoffet blei funne. Dei to skal avhøyrast så fort det let seg gjere på politihuset i Bergen. Motivet for bombelaginga er framleis uvisst.

– Dette er tydelegvis nokon som har sett seg inn i korleis ein gjer dette. Men kvifor dei har gjort det, veit vi ikkje enno, seier politiadvokaten.

Myklebust seier det var ei tydeleg heimelaga bombe.

– Den ser ut som om den er rimeleg profesjonelt laga, med både dynamitt, gass og fenghetter.

NRK har snakka med forsvarar til ein av dei sikta i saka.

– Klienten min er enno ikkje formelt avhøyrd, så eg ønskjer ikkje å kommentere dette før seinare i dag, seier forsvarar Jostein Alvheim.

– Narkofunn førte til pågriping

Ivar Hellene

FANN BOMBA: Lensmann på Voss, Ivar Hellene seier dei raskt trekte seg ut av huset då dei skjønte det var ei heimelaga bombe dei hadde funne.

Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Bakgrunnen for bombefunnet var ein tilfeldig kontroll av ein bil på Nattland i Bergen i 04-tida natt til torsdag.

– Dei to som sat i bilen oppførte seg mistenkeleg, og me gjennomførte ei ransaking av bilen, fortel Myklebust.

– Der fann politiet ei rekke piller og ein del amfetamin. Politiet på Voss blei difor bedd om å gjennomføre ei ransaking av bustaden til ein av dei arresterte, ei kjellarleiligheit på Voss. Det var her me kom over bombefunnet.

Det var med andre ord heilt tilfeldig at politiet oppdaga bomba.

– Dei blei stansa i ein heilt vanleg kontroll. Då me gjorde funn av narkotika er det normalt å gjennomsøke bustaden for å leite etter meir narkotika, seier Myklebust.

Kring klokka ni torsdagsformiddag kom politiet på Voss fram til det fyrste huset på Voss og arresterte ein person.

– Like etter fann me ein gjenstand me oppfatta som å vere ei bombe, og trakk oss ut av huset. Bombegruppa blei så varsla, seier lensmann på Voss, Ivar Hellene.

Fann militær granat

Medan bombegruppa arbeida med å sikre funnet i ein garasje på Voss, ransaka politiet ei hytte og eit bustadhus nord for sentrum.

Park Hotel Voss

PARK HOTEL: Dei tjue personane som blei evakuerte frå dei sju husa er innlosjerte på Park Hotel på Voss. 11 personar er framleis på hotellet.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

– I ein bil som stod på tunet blei det funne ein militær granat, som gjorde at me trekte oss bort frå staden. Bombegruppa kom til staden og vurderte det slik at granaten var av ein slik type dei ikkje hadde nok kunnskap om til å ta tak i den sjølv, seier Hellene.

Ei bombegruppe frå forsvaret i Bergen blei tilkalla for å ta seg av granaten. Den synte seg å vere ein øvelsesgranat og ikkje farleg.

– Etter at bomba og granaten var uskadeleggjort tok politiet seg inn i ein garasje, der det blei funne sprengstoff av både sivil og militær art. Då evakuerte me sju bustadar.

Klokka 00.16 i natt var sprengstoffet fjerna, og sperringane blei oppheva. Dei om lag 20 personane som blei evakuerte har fått løyve til å vende tilbake til husa sine.

NRK kjem tilbake med meir.