Sjømatnæringa stiller krav

I eit brev til næringsminister Jan Christian Vestre ber Sjømat Norge og Norges Fiskarlag om at gruveaktivitet ikkje må gå ut over aktiviteten til sjømatnæringa, og heller ikkje bidra til at det blir stilt spørsmål ved mattryggleiken til sjømaten. Brevet blir sendt i samband med dei pågåande vurderingane knytte til gruveaktivitet i Førdefjorden.

Sjømatnæringa ber departementet avklara viktige problemstillingar knytte til gruveverksemd og miljøpåverknad.

– Ei samla sjømatnæring har gjennom mange år gitt klart uttrykk for at potensielle utslepp av enorme mengder gruveavfall og prosesskjemikaliar i norske fjordar ikkje må gå ut over fjordmiljø, sjømattryggleik, viktige gyte- og oppvekstområde eller moglegheita for hausting og produksjon av sjømat, seier generalsekretær i Norges Fiskarlag, Sverre Johansen i ei pressemelding.

Norges Fiskarlag og Sjømat Norge ber Nærings- og fiskeridepartementet om å gjera ei grundig vurdering av heile sakskomplekset.