Hopp til innhold

Sjømatnæringa vil ikkje ha sjødeponi i Førdefjorden

Sjømatnæringa sett sin lit til faginstansar og meiner regjeringa må seie nei til planane om å dumpe gruveavfall i eit sjødeponi.

Gunnar Domstein er styreleiar i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforening

SEIER NEI: Sjømatnæringa rår regjeringa til å seie nei til dumpinga av gruveavfall i eit sjødeponi i Førdefjorden. Det seier styreleiar i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforbund, Gunnar Domstein.

Foto: Maria Holand Tøsse

Styreleiar i Fiskeri- og havbruksnæringas landsforeining (FHL), Gunnar Domstein, seier i dag at organisasjonen no veit nok til å seie nei til dumpinga av gruveavfall i Førdefjorden.

Dei meiner at løysinga med sjødeponi er problematisk, og presiserer at dei tek omsyn til det faktagrunnlaget dei ulike faginstansane har samla inn til no:

– Det er ikkje først og fremst kva vi meiner er problematisk, men det er jo samla faginstans i Norge som går i mot planane om sjødeponi. Og då meiner vi at ei slik avgjerd som vi no tar er gjort på grunnlag av fakta og ikkje synsing, seier Domstein og utdjupar vidare:

– Det er altfor mange som har synsa, og da synst vi det er greitt å få konkludert.

Veit nok til å seie nei

FHL meiner at regjeringa ikkje kan godkjenne ei årleg dumping av seks millionar tonn gruveavfall i eit sjødeponi, og vil at dei faglege utgreiingane som har vorte gjort, bør vege tungt i avgjerda som no snart skal fattast.

– Vi har jo heldt på med denne prosessen i fire år, og vi føler at vi har spelt inn mykje informasjon. Men det er først no den siste tida at ein har fått samla alle dei faglege innspela i Norge på ein slik måte at ein får eit dokumentert grunnlag, som gjer at ein faktisk kan seie nei til dette sjødeponiet, seier Domstein.

– Vi høyrer jo også at Nordic Mining seier det er trygt, og dei har sine fagfolk som støttar dei i det synet.

–Ja, og det har dei sjølvsagt lov til å meine. Det tar ikkje eg stilling til. Vi støtter oss til dei fagmiljøa som veit korleis miljøa i havet fungerer, og korleis vi skal oppføre oss for å ta vare på det på lang sikt, svarer Domstein.

Han presiserer at FHL ikkje synst at gruvedrift er problematisk, så lenge ein lagrar gruveavfallet på land på ein forsvarleg måte. Han har derfor eitt råd til regjeringa:

– Sei nei til å deponere desse massane i fjorden, seier han.