Regionrådet omfattar Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Lærdal og Aurland.
- LES OGSÅ:
Ordførar i Luster, Torodd Urnes.
Foto: Arne Stubhaug / NRK- Her har vi ulik ståstad og ulike synspunkt. Vi klarer ikkje å samle oss om eitt felles standpunkt i denne saka, seier rådsleiar Torodd Urnes.
- Verkeleg synd
Helse Førde går inn for å
, og at desse blir erstatta med lokalmedisinske senter.- LES OGSÅ:
Medan
, tyder ein ringerunde til dei åtte ordførarane i Sogn på at synspunkta spriker i alle retningar.Ordførar i Årdal, Arild Ingar Lægreid.
Foto: Kjell Arvid Stølen, NRKÅrdal melde seg i haust ut av regionrådet i Sogn. Ordførar Arild Ingar Lægreid reagerer på at rådet ikkje vil ta eit standpunkt.
- Det er verkeleg synd at ikkje regionrådsordføraren støttar opp kring lokalsjukehuset vårt, Lærdal sjukehus, seier Lægreid.
Uttale etter behov
Dei enkelte kommunane jobbar no med høyringsutalar til Helse Førde om helsetilbodet i Sogn. Årdal, Lærdal og Aurland arbeider saman om ein uttale.
Ordførar i Vik, Marta Finden Halset (t.v.).
Foto: Arne Stubhaug / NRK- For oss i Vik er det like langt til Lærdal som til Førde. Vi ser på dette strategidokumentet ut frå behovet som innbyggjarane i Vik har, seier ordførar i Vik, Marta Finden Halset.
- Full splitting
- Blir Sogn splitta i denne saka?
Ordførar i Lærdal, Arne Sanden.
Foto: Håvard Holme- Både sjukehusreforma og samhandlingsreforma seier at fylkesgrensene ikkje skal vere til hinder for samhandling og gode helsetenester. Ut frå det perspektivet så spelar det lita rolle for meg om Sogn blir splitta eller ikkje, seier Finden Halset.
Lærdalsordførar Arne Sanden på si side kallar det heile for ei sterk splitting.
- I høve helsetenestene så er det i aller høgste grad det, og ikkje berre splitting, men full splitting.