Hopp til innhold

Sjokkbrekk mot parfymeri i Stryn

Parfyme for kring 200 000 kroner vart natt til torsdag stole i Stryn.

Parfymeriet i Stryn

Tjuvane tok seg inn gjennom hovudinngangen til Parfymeriet.

Foto: Arne Vik

Tjuvane skal ha teke seg inn gjennom ei dør til forretninga Parfymeriet AS i Tinggata. Innbrotet er det tredje på fire månadar i butikken.

- Eg klarte det første og andre innbrotet. I dag er eg heilt utslått. Dei for med rubbel og bit av dame- og herreparfyme, seier innehavar Ingrid Hool.

Fire månadar - tre innbrot

Denne gong forsvann parfyme for kring 200 000 kroner. Sist gang, natt til 24. juli, forsvann varer for kring 160 000 kroner. Natt til 15. mai vart det stole parfyme for over 200 000 kroner. Hool oppdaga innbrotet då ho kom på arbeid i ti-tida torsdag morgon.

- Det var ikkje hyggeleg i det heile. Alle hyllene var tome. Du blir litt fortvila. Men dei skal søren ikkje få knekke meg, seier Hool og vedgår at ho tok til tårene.

- Heilt utslått

- Det har ikkje vore noko morosam dag. Men eg har fått bestilt inn nye varer, fått ordna med ny dør og forsikringa og alt. No er eg heilt utslått, held ho fram. I juli båra tjuvane ut låssylinderen. Dette var same metode som tjuvar nytta mot gullsmedforretninga på Eid.

- No sette eg inn ekstra og sterkare sylinder. Der dei ikkje fekk ut sylinderen, har dei brukt brekkjarn og brote opp døra. Det er nok profesjonelle, seier Hool.

Etterlyser Chrysler

Politiet var torsdag på staden og sikra spor. I tillegg har dei sendt informasjon til andre politidistrikt. Politiet ynskjer informasjon om ein spesiell bil som var observert i Stryn onsdag.

- Ein grå Chrysler med litauiske skilt var observert i Stryn dagen før innbrotet. Den ynskjer vi å vite meir om, seier Idar Stavik ved Stryn lensmannskontor. Politiet er også interessert i andre observasjonar som publikum kan ha gjort.

Speida inn i butikken

- Tjuvane har gått rett på hyllene og tømt dei for parfyme som truleg er lett omsetteleg, seier Stavik. Både han og Hool trur nokon har rekognosert butikken på eit tidlegare tidspunkt. Stavik legg til at innbrotet minnar mykje om sjokkbrekka som ein ser fleire stadar i landet.

- Det stod nokre austeuropearar utanfor butikken tidlegare i veka. Alle vi tre i butikken fekk ei ekkel kjensle, seier Hool.

Smykker for halv million

Innbrotet i Stryn er langtifrå det første i fylket. Det er derimot det førebels siste av ei rekkje berre denne veka.

I slutten av august vart gullsmedforretningen Monrad Johnsen Eftf. tømt for smykker til ein halv million kroner. To litauarar vart kort tid etter pågripne i Stryn og varetektsfengsla for fire veker . Fredag krev politiet ytterlegare fire veker varetekt for mennene.