Sjøforsvaret tek imot det største fartøyet dei nokon gong har hatt

KNM «Maud» har kosta 2,2 milliardar. I dag legg skipet til kai på Haakonsvern.

KNM Maud på veg til Haakonsvern for første gong

DET STØRSTE SKIPET: KNM«Maud» er det største skipet Sjøforsvaret nokon gong har hatt.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

Over 2,2 milliardar kroner har ho kosta, Sjøforsvaret si nye stoltheit KNM «Maud».

I dag kjem logistikkskipet til Haakonsvern i Bergen. Skipet er det største fartøyet det norske sjøforsvaret nokon gong har hatt.

KNM «Maud» er bygd på eit verft i Sør-Korea. I byrjinga av februar la ho frå kai og segla over Stillehavet til San Diego.

I dag kjem skipet til Haakonsvern. Der bli ho teken imot av mellom andre forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).

KNM «Maud»

PÅ VEG HEIM: KNM «Maud» segla innom San Diego i California på veg heim frå verftet i Sør-Korea.

Foto: Emil Wenaas Larsen / Forsvaret / Emil Wenaas Larsen / Forsvaret

50 meter lengre enn fregattane

KNM «Maud» skal brukast til å levere forsyningar til andre fartøy i Sjøforsvaret, primært dei fire fregattane som er igjen, etter at KNM «Helge Ingstad» kolliderte i Hjeltefjorden.

Skipet skal nyttast til å levere drivstoff, våpen og proviant til andre fartøy, slik at dei slepp å leggje til kai for å laste forsyningar. Fartøyet kan også frakte fleire helikopter.

Ved hjelp av KNM «Maud», kan Sjøforsvaret forsyne andre fartøy medan dei er i fart på ope hav, såkalla bunkring.

Gjensynsglede KNM Maud

MØTAST IGJEN: To glade sjeler som møtast igjen etter lang tids seglas.

Foto: Eivind Fondenes / NRK

Skipet har eit deplasement på 27.500 tonn og er 181 meter langt. Det er 50 meter lengre enn fregattane.

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen seier skipet er ettertrakta i NATO-samanheng.

– Skipet vil vere eit viktig bidrag til NATO-flåten, så det vil bli ettertrakta for våre allierte, seier han.

Illustrasjon av KNM «Maud»

STORT SKIP: Denne illustrasjonen frå Sjøforsvaret viser størrelsen på KNM «Maud» samanlikna med fregattane.

Foto: Forsvaret / (Illustrasjon)

Forseinka levering

Etter planen skulle ho ha vore ferdig for nokre år sidan, men har blitt forseinka fleire gonger.

Då skipet blei bestilt i 2013, hadde dei avtalt levering i september 2016.

Store deler av besetninga på skipet har vore i Sør-Korea sidan november 2018. Der har dei testa skipet, før dei la kursen heimover i byrjinga av februar.

På Haakonsvern vil dei, i tillegg til statsministeren og leiinga i Sjøforsvaret, bli teken imot av familie og vener. Bakke-Jensen beskriv dagen i dag som ein festdag.

– Det er ein veldig god følelse. Vi får stor ny kapasitet til sjøforsvaret. Så er det veldig bra at vi får lov til å vere med på ein hyggeleg stund når mannskapet vårt får møte igjen familien si etter lang tids segltur, seier han.

Gjensynsglede KNM Maud

GJENSYNSGLEDE: Båtsmann på KNM «Maud» møter sine to søner etter lang tid på havet.

Foto: Eivind Fondenes / NRK