Hopp til innhold

Sjøen - ein farleg plass

Det skjer stadig fleire ulykker på sjøen. I fjor vart 136 fartøy berga av Redningsselskapet.

Samtidig har pengestøtta frå staten og Fiskeridepartementet blitt redusert med 50 prosent sidan 2005.

Samstundes vart også over 130 båtar berga

 

Bjørn Amundsen

Bjørn Amundsen i Redningsselskapet er svært skuffa over mindre pengar frå staten.

Foto: Steinar Nedkvitne / NRK

Svært skuffa

Då er det skuffande å få mindre pengar frå staten, meiner seniorrådgjevar Bjørn Amundsen.

Fram til august i fjor drukna 9 menneske berre i Hordaland. Og med stadig meir å gjera for redningsselskapet svir det å få mindre pengar frå staten i rammeoverføringar.

-Ja det harmonerer ikkje i heile tatt, seier Amundsen

Prioriterer oljevern

Helga Pedersen er fiskeri og Kystminister. Og vil ikkje vera med på at 40 millionar i 2008, er mindre enn i 2007. Skulda for nedgangen på 50 prosent sidan 2005, vil ho ikkje ha.

Men vedgår at redningsselskapet ikkje har fått høgste prioritet.

-Vi har valt å prioritere oljevernberedskap og sjøsikkerhet, seier Pedersen.