Sjødeponi betre enn sitt rykte

Ei ny doktorgradsavhandling frå Universitetet i Tromsø konkluderer med at sjødeponi for gruvemassar er betre for miljøet enn lagring på land. Det skriv Firdaposten. I kampen mot etablering av gruvedrift i Engebøfjellet i Naustdal meiner motstandarane at det er betre å lagre avfallet på land enn i Førdefjorden, slik gruveselskapet har fått løyve til.