Hopp til innhold

Sjeldan legionella-bakterie funnen

Ei eldre bergenskvinne har blitt alvorleg lungesjuk av ein svært sjeldan legionella-bakterie. Ekspertar prøver no å finna ut kor smitten kom frå. Mest truleg er det hagejord.

Ei eldre bergenskvinne har blitt alvorleg lungesjuk av ein svært sjeldan legionella-bakterie. Ekspertar prøver no å finna ut kor smitten kom frå. Mest truleg er det hagejord.

SJÅ VIDEO: Ein leiter no etter smittekjelda etter at ei kvinne har blitt smitta av ein sjeldan legionella-bakterie.

Folk er klar over at ein må vaska hendene og ikkje få jord og bakteriar på maten og i munnen. Men hagearbeid kan også gje alvorleg lungesjukdom.

– Ein tenker gjerne ikkje over at hagearbeid gjev støv når ein held på. Dette støvet trekk ein ned i lungene. Og då kan ein oppleva at lungene blir infisert, seier hageekspert Anne Tafjord Kirkebø.

Dette skjedde nyleg med ei anna hageinteressert bergenskvinne i 70-åra. Medan ho låg alvorleg sjuk i respirator på Haukeland Universitetssjukehus, starta mikrobiologisk avdeling detektivarbeidet for å finna den skuldige bakterien.

Anne Tafjord Kirkebør

KAN GJE PROBLEM: Hageekspert Anne Tafjord Kirkebø seier hagearbeid kan skapa problem for luftvegane.

Foto: NRK

Fann sjeldan bakterie

– Det vi gjer er at vi hentar DNA frå pasientprøven, og tek det inn i nokon små røyr. Det me fann då me tok denne prøven var ein signatur som passa perfekt med legionella, seier Øyvind Kommedal, overlege i mikrobiologi ved Haukeland Universitetssjukehus.

Øyvind Kommedal

Øyvind Kommedal, overlege i mikrobiologi ved Haukeland Universitetssjukehus.

Foto: NRK

Det var ikkje den vanlege legionella-bakterien dei fann, men ein sjeldan type med namnet «legionella longbeachae».

Denne legionellatypen finst berre i jord, ikkje i kjøletårn eller vassanlegg som den vanlege legionellaen. Derfor prøver mikrobiologane no å finna ut om kvinna blei smitta av jord frå hagesentera eller sin eigen hage.

Men både bakteriedyrking og DNA-analyse har så langt ikkje gitt resultat.

– Me har ikkje klart å påvisa legionella på nokon måte frå desse jordprøvane vi har teke imot, seier Kommedal.

– Jorda er hovudmistenkt

– Baterien er veldig uvanleg i Noreg, den er berre funnen to gonger tidlegare her i landet. Men ein har god kjennskap til den på andre sida av kloden, både i Australia og i New Zealand. Men hagesentera importerer ikkje jord eller potteplanter der ifrå. Og bakterien overlever truleg ikkje i norsk klima, seier Øystein Søbstad, smittevernoverlege i Bergen.

Øystein Søbstad

Smittervernoverlege i Bergen, Øyvind Søbstad.

Foto: NRK

Jordsmitte er likevel den hovudmistenkte.

– Det at dei ikkje har funne bakterien i jordprøven betyr ikkje at den ikkje er til stades. Det er meir bakteriar i eitt tonn jord enn det vi har av stjerner i eit gallaksesystem, så dette er jo som å leita etter nåla i høystakken, seier Lise Øvreås, professor i geomikrobiologi ved Universitetet i Bergen.

– Skal norske hageeigarar vera forsiktige?

– Me har ikkje grunnlag for å sei det endå. Førebels er det eit enkelt tilfelle og ikkje eit utbrot det er snakk om, slår Øystein Søbstad fast.