Hopp til innhold

Sjeldan delfin leikar seg i Sognefjorden

Det er ikkje vanleg å sjå stripedelfinen i vestlandsfjordane.

Stillfoto: Stig Nesbø

KOSAR SEG: Stripedelfinen leikar seg i Sognefjorden. Filma av Odd Inge Gjeraker. Stillfoto: Stig Nesbø

– Eg såg han for fyrste gong for nokre veker sidan, men han dukkar opp støtt og stadig no, fortel Stig Nesbø som har sett den sjeldne arten.

For dei observante har det vore høve til å sjå ein stripedelfin leike seg rundt i Sognefjorden.

Stig Nesbø fortel at han og ungane gjekk ned for å sjå på akrobaten i vatnet.

Då hoppa delfinen opp rett utanfor stupetårnet på badestranda.

– På det nærmaste var den åtte meter unna oss.

Det verkar som han likar seg godt her, fortel Nesbø.

– Den eine gongen kom han opp med ein fisk i kjeften, så eg trur han kosar seg. Han ser frisk og rask ut.

Stig Nybø og borna

TRUR HAN LIKAR SEG: Stig Nybø og borna tykkjer det er kjekt å sjå på delfinen.

Foto: Privat

Sjeldan syn i Sognefjorden

Det har vore litt spekulasjonar rundt kva slags skapning dette er, men forskar Nils Øien ved Havforskingsinstituttet er ikkje i tvil.

– Det er heilt klart ein stripedelfin. Det er ein varmekjær art som sannsynlegvis har komme opp til oss på ei varmebølge, seier forskar Nils Øien.

– Det er sjeldan ein får sjå eit slikt dyr leike seg i fjordane på Vestlandet, fortel Øien.

Øien seier at stripedelfinen normalt held til i sørlegare strøk. Dei har tidlegare vore på besøk ved kysten av Møre og Trøndelag, men at det ikkje er ein vanleg art å sjå her.

Eventyrlysten

– Det er ikkje heilt uvanleg at enkeltindivid av flokkdyr tek seg nokre eksotiske turar.

Til vanleg er stripedelfinane å finne i flokkar i tropiske farvatn, men denne stripedelfinen verkar til å kose seg aleine i Sognefjorden.

– Eg trur rett og slett at det er eventyrlysten som har lokka han ut på tur, seier Øien.

Sjølv om stripedelfinen er ein varmekjær art, trur ikkje Nils Øien at det skal vere noko problem for han å opphalde seg i Sognefjorden.

– Så lenge han finn noko mat så skal det gå fint.

Nytte høvet

Delfin i Sognefjorden

SJELDAN GJEST: Det verkar som han likar seg godt her, fortel Nesbø.

Foto: Stig Nesbø

Om ein vil ta turen for å kikke på akrobaten i Vik, bør ein nytte høvet no. Øien seier at han ikkje har noko inntrykk av at delfinar lar seg skremme av den grunn.

Likevel er det nokre ting som er lurt å hugse på.

– Ein skal ikkje mate slike ville dyr, han finn maten sjølv. I tillegg er det greitt å halde litt avstand og ikkje forstyrre han, seier Øien.