Hopp til innhold

Sjekkar tunnel for skadar etter brann i vogntog

Eit om lag 100 meter stort området rundt vogntoget har fått skadar etter brannen i Gudvangatunnelen natt til laurdag.

Sjekkar tunneltak

TUNNELBRANN: Her sjekkar dei tunneltaket for skadar etter brannen.

Foto: Tore H Medgard, statens vegvesen

32 personar blei evakuert og fire personar blei sende til sjukehus etter at eit vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16. Laurdag føremiddag har geologar vore inne i tunnelen for å ta skadane nærare i augesyn.

.– Det er eit spesielt syn å sjå eit nedbrent vogntog slik, og med mykje nedsota tunnel, seier geolog Jan Helge Aalbu.

Den 11 kilometer lange tunnelen, som er under oppgradering blir truleg stengd i lengre tid framover. Kor lenge torer ikkje Aalbu å seie noko om no.

– Det torer eg ikkje seie, men det blir i alle fall stengt i mange dagar, seier Aalbu.

Geologane Jan Helge Aalbu (t.v.) og Tore Medgard

GEOLOGAR: Jan Helge Aalbu og Tore H Medgard var laurdag på synfaring i Gudvangatunnelen etter brannen.

Foto: Arne Veum

Avsluttar arbeidet i tunnelen

Laurdag ettermiddag vart oppryddingsarbeidet i Gudvangatunnelen avslutta for dagen.

– Det har vore høg varme, og er framleis veldig varmt. Vi må vente til fjellet kjøler seg ned, slik at vi kan få starta ei kontrollert opprydding i morgon, seier avdelingsleiar i Statens vegvesen, Svenn Egil Finden.

I 2013 vart kring 70 personar sendt til sjukehus då ein lastebil byrja å brenne på dagtid. To år seinare vart 37 personar evakuerte, og fire personar alvorleg skadde då ein turistbuss byrja å brenne.

Stor varme

Vogntoget som var lasta med matvarer er heilt utbrent. Brannen har utvikla sterk varme som har gjort skade på eit større område i tunnelen.

– Mellom 50 og 100 meter rundt vogntoget er nok påverka av brannen, seier Aalbu.

Sundag føremiddag startar oppryddingsarbeidet opp igjen. Ein del stein har alt falle ned men temperatursvingingane i samband med brannen har ført til mykje sprekke i fjellet og betongen.

33 personer ble evakuert og fire personer ble sende til sykehus etter at et vogntog tok fyr i Gudvangatunnelen på E16 natt til lørdag.

DRAMATISK: 32 personar vart evakuerte då vogntoget tok fyr. (FOTO: VOSS BRANNVESEN)

– Vi vil då bruke ei gravemaskin med pigg for å dunke den grovaste steinen som har losna, og etterpå må vi gå over hakke ned og ned stein som har sprokke opp og losna i samband med brannen, seier Aalbu.

Laurdag var det vanskeleg å sjå det totale omfanget av skadane i tunnelen på grunn av sot frå brannen. Men Aalbu reknar med at fjellet må sikrast med boltar og at det må dekkast med ny sprøytebetong.

Omkøyring

Medan Gudvangatunnelen er stengd må folk nytta alternative ruter. Omkøyringsvegar nordover er langs rv. 5 og E39 om Førde, eller over rv. 13 Vikafjellet. Mellom aust og vest går trafikken over rv. 7 Hardangervidda.

– Vi har sett inn ekstra mannskap og auka beredskapen på desse vegane. Med stenginga i Gudvangen kan det bli auka trafikk på omkøyringsvegane, og vi oppmodar folk til å køyra forsiktig,seier Finden.