Hopp til innhold

Sjekkar funn opp mot saknasaker

Politiet i Nordhordland er i full gang med å sjekke funnet av ein død mann nord i Solund opp mot saknasaker. Mannen vart funnen måndag i fjæresteinane på Buskøyna. – Vi er heilt opne, og har ingen indikasjon på kven dette kan vere, seier politistasjonssjef ved Nordhordland politistasjon, Kjell-Idar Vangberg. Mannen bar preg av å ha ligge i sjøen ei tid, og blir obdusert ved Gades Institutt. – Vi brukar dagen i dag for å finne ut kven dette kan vere, og vil søkje litt i sakna saker som har vore siste tida, seier Vangberg. – Personen kan også ha falle frå ein båt som har gått forbi, seier Vangberg.

Kjell Idar Vangberg
Foto: Even Norheim Johansen / NRK