Hopp til innhold

Sjekkar botnen i Nausta

Statnett sette i dag i gang arbeid for å finne ut om gravearbeidet i november har påverka levekåra for laksen i Nausta.

Statnett sette i dag i gang arbeid for å finne ut om gravearbeidet i november har påverka levekåra for laksen i Nausta.

SJÅ VIDEO: Undersøking av Nausta. (Foto/redigering: Alf Vidar Snæland)

Det er firmaet Multiconsult som på oppdrag frå Statnett skal ta prøver av botnen.

Det vekte sterke reaksjonar frå elveeigarane i Naustdal då Statnett i slutten av november 2012 tok til å legge ein kabel i grøft under elva. Dei var redde for at gravinga ville rasere laksestammen i Nausta.

– Det er jo forunderleg å sjå kva eit statleg selskap kan gjere i eit verna vassdrag, sa ein av grunneigarane, Eiliv Erdal, til NRK.

Kraftlina

SJEKKAR NAUSTA: Kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Oppstraums og nedstraums

Kommunikasjonssjef Martha Hagerup Nilson i Statnett seier at dei i dag og i morgon vil ta sedimentprøver av elvebotnen både oppstraums og nedstraums frå der kabelgrøfta vart greven.

– Vi vil sjekke om det ligg att leire eller partiklar frå gravinga. Dersom det er tilfelle vil vi gå i dialog med elveeigarane, men vi må vente på prøveresultatet før vi kan seie noko meir.

Spent grunneigar

Undersøking av Nausta

LEITA ETTER GRUMS: Dykkarane i Nausta var nøye med undersøkingane.

Foto: Alf Vidar Snæland

Ho har tru på at prøvene vil vise at gravinga ikkje har skadd elva, men den trua deler ikkje grunneigar Eiliv Erdal.

– Eg var på synfaring med folk frå Multiconsult i går kveld, og då såg vi ein heil del leire. Eg er og spent på kva dei finn der kablane vart grevne ned, for då dei dekte til vart ikkje massane sortert.

Erdal har bede Multiconsult sjekke om laksehølar kan vere oppfylte av masse frå gravinga og om dei finn daud laks.

Han fortel at det til sommaren skal gjerast ei meir omfattande biologisk gransking av elva i samarbeid med miljøvernavdelinga til Fylkesmannen. Det er NINA - Norsk institutt for vassforsking - som skal utføre granskinga.

– Først då trur eg vi får den fulle og heile sanninga om korleis gravearbeidet har påverka Nausta, seier Eiliv Erdal.

Undersøking av Nausta
Foto: Alf Vidar Snæland