Det kjem meir og meir på det reine at det var ein rusa og tidvis aggressiv mann som forlét utestaden Meieriet og gjekk mot Sogndal Folkehøgskule denne kvelden.
Fekk beskjed om å komme seg vekk
Den drapssikta mannen hadde drukke mykje kvitvin inne i lokalet. Han skal ha vore sint på Hedda Karterudseter, og vore i klammeri med andre som stod og røykte utanfor lokalet. Ein kamerat av 35-åringen følgde etter han og Karterudseter då dei gjekk mot folkehøgskulen. Men kameraten seier han fekk beskjed om å komme seg vekk. Han vart utskjelt då han sa at 35-åringen skulle gå heim til seg sjølv. Dette var nokre hundre meter frå folkehøgskulen, og er den siste kjende observasjonen av Hedda Karterudseter i live.
Usemje om sikta var i kebabkø
Ein annan mann har sagt at han såg den sikta somaliaren i køen utanfor ein kebabkiosk i Sogndal sentrum klokka to. Det er dette alibiet politiet har jobba med ei god stund. I går meinte dei at dei hadde knekt alibiet ved å snakke med ei rekke andre personar i same køen, som fortalde dei ikkje hadde sett han. Dermed tok politiet i går ut sikting for forsettleg drap.
NRK Sogn og Fjordane snakka med denne mannen i går kveld. Han står framleis på sitt og seier han er sikker på at han såg somaliaren i denne køen.
Ventar svar på DNA-prøver i slutten av veka
Det springande punktet i dag, og i dagane som kjem, er biologiske spor. Politiet har sikra seg slike spor på hybelen til Karterudseter. Dessutan kan politiet ha sikra seg fingeravtrykk og DNA frå ei ølflaske somaliaren drakk av på nattbussen han tok til Oslo torsdag kveld - rett etter at Karterudseter var funnen drepen. Politiet seier dei ventar svar frå rettsmedisinsk institutt når det gjeld desse spora mor slutten av veka.