Hopp til innhold

Joakim deler all maten sin med denne typen

Arbeidskollegaer er fine å dele ei matstund med. Endå kjekkare er det å få den dele med ein nysgjerrig raudrev.

Arbeidarane på Filefjell har fått seg ein raudrev å dele nista si med.

ROSINBOLLEREV: Reven seier slett ikkje nei til ein rosinbolle i ny og ne. FOTO: Joakim Steig Synnevåg.

– Han var litt skeptisk i starten, men så kom den nærare og nærare. Etter det har den vore her fast, seier Joakim Steig Synnevåg.

25-åringen har dei siste to åra jobba som anleggsrøyrleggar på vegutbygginga på E16 over Filefjell. Det kan bli lange dagar, men mange av dei har blitt litt kortare etter besøket av ein liten loden type.

Får vere med på mang ei matstund

For litt over eitt år sidan byrja nemleg ein liten raudrev å dukke opp rundt anleggsmaskinene. Bråk verka ikkje skremme den, og etter kvart kom reven stadig nærare.

– Det har blitt til at vi gir den mat kvar einaste dag, og så fer han no rundt og trakkar, fortel Steig Synnevåg.

Ingen av arbeidarane veit om det er ein han eller ho, og den vesle gjesten har heller ikkje fått namn. Uansett, raudreven har blitt som ein trufast venn på anleggsområdet.

– Kva type mat er det de deler med han?

– Det er alt mogleg. Både middag, lunsj, knekkebrød. Alt vi har tilgjengeleg, seier Steig Synnevåg.

Anleggsarbeidarane på Filefjell har fått seg ein ny ven det siste halvåret.

FAST GJEST: Reven kjem bortom kvar einaste dag. FOTO: Joakim Steig Synnevåg.

Rynka på nasen

Raudreven verkar å like alt, men ein ting let han ligge fint i fred.

– Banan, det ville han ikkje ha, seier anleggsarbeidaren.

– Det var ingen av dykk som ville ha den heller då, sidan de prøvde gje den vekk?

– Nei, eg kunne avsjå den, flirer han.

Les fleire historier om nysgjerrige revar:

For mange raudrevar

Når raudreven no har blitt fast gjest har tanken streifa arbeidarane; kanskje er det ikkje så lurt å gjere den avhengig av mat frå menneske. Kva om den ikkje finn seg mat på eiga hand når anleggsarbeidet blir avslutta?

Kristoffer Ullern Hansen i Statens naturoppsyn i Sogn og Fjordane ser ikkje det heilt store problemet, då det er ein raudrev det er snakk om.

Han viser til at det er så mange raudrevar at det i nokon kommunar er skotpremie på dei. Dermed er det frå det offentlege ikkje fokus på å prøve å halde raudrevar meir i live enn dei klarar sjølve.

Rev på anleggsområde på Filefjell

NYSGJERRIG: Revar er eigentleg veldig sky og skeptiske, men den som lagt sin elsk på maten til anleggsarbeidarane på Filefjell er mest nysgjerrig.

Foto: Ann Kristin Wigdal

Kan bli omreisande anleggsrev?

På Filefjell skal raudreven uansett få god behandling, lovar Steig Synnevåg.

– Den gir seg på eit par meters avstand, då torer den ikkje meir, seier han og fortel at pelsen er fin og at den ikkje ser sjuk ut.

Om vel eitt år reiser arbeidarane vidare. Om reven har blitt for avhengig av matrestane deira har Steig Synnevåg alltids ei løysing.

– Vi får ta den med oss til neste anlegg, spøker han.

Rev i anleggsområde på Filefjell

TRYGG: Den vesle raudreven er etter kvart ganske så trygg på at ingen av arbeidarane vil køyre på han. Her kryssar han vegen, heilt uredd.

Foto: Erik Granlund