– Eg skal vere eit bindeledd mellom kommunane og politiet for å få i gang gode avtalar, godt kriminalitetsførebyggande arbeid, seier Jorunn Furuheim, som framover blir politikontakt for Sogndal, Leikanger og Luster kommunar.
«Alle skal få»
Politiet har siste tida vore gjennom ei kraftig omorganisering, der ei rekkje lensmannskontor blir lagde ned. Nytt er også oppretting av funksjonen «politikontakt» i alle kommunar. Uansett om der er lensmannskontor, eller ikkje.
Kontakten er politiet sin faste kontakt med kommunane.
– Arbeidet med førebygging er det same som før, men i samband med nærpolitireforma er dette arbeidet meir formalisert gjennom funksjonen politikontakt, mellom anna med meir standardiserte arbeidsoppgåver og krav, seier politimeister Kaare Songstad i Vest politidistrikt i ei pressemelding.
– Avgjerande rolle
Politi og kommune skal samarbeide tettare og meir systematisk gjennom kontakten. Politikontakten skal følgje opp politiet si nærpolitirolle og planar om å førebygge kriminalitet.
Den skal også vere ein pådrivar for at politiråd og SLT samarbeider godt. SLT er ein samordningsmodell for lokale, førebyggande tiltak mot rus- og kriminalitet.
– Vi skal jobbe endå meir kunnskapsbasert og i større grad evne å vere i forkant av kriminaliteten. Her har politikontakten ein avgjerande rolle saman med tenesteeininga og den geografiske driftseininga, seier Songstad.
Mellombelse kontaktar
Vest politidistrikt styrer mot start av ny organisasjonsstruktur 1. januar 2018. Innkalling til politiråd er ei av dei første oppgåvene til dei nye lensmanns- og politistasjonsdistrikta.
Her skal det lagast nye og gjensidig bindande samarbeidsavtaler som også omtalar politikontakt og SLT-koordinator sine roller.
– Vi skal bruke tid framover no med den einskilde kommune for å lage ein god og gjensidig avtale, seier Arne Vidar Hansen, koordinator for politikontaktar i Vest politidistrikt.
På grunn av omorganiseringa er dei som fyller politikontaktoppgåvene mellombelse. Etter kvart som den nye organisasjonen blir ferdig, blir faste politikontaktar utpeika.