Hopp til innhold

Sjekk kven Gudmund (15) møtte på butikken

Konfirmasjonsgåva til Gudmund Bjotveit nådde nye høgder då han plutseleg møtte på verdas beste fotballspelar Lionel Messi i ein butikk i Barcelona.

Gudmund Bjotveit og Lionel Messi

ARTIG: - Han skjønte ikkje så mykje av det vi sa, men han stilte villig opp på bilete, seier Gudmund Bjotveit, etter møtet med Barcelona-spelaren Lionel Messi.

Foto: Vidar Bjotveit

Bjotveit, som er ihuga Barcelona-fan, fekk fotballtur til Barcelona i konfirmasjonsgåve frå foreldra Kirsti og Vidar.

Førre helg skulle presangen innfriast, og far og son drog til Barcelona tidleg fredag for å sjå Barcelona spele mot Malaga laurdag.

På ettermiddagen tok karane seg ein tur utanfor sjølve sentrum og kikka litt i nokre små sidegater. På jakt etter ei mogleg gåve til veslesystera Birgit (7), hamna dei innom ein kostymebutikk.

Men er det ikkje ...?

Men det skulle syne seg at butikken romma langt meir enn det.

– Vi såg eit par som stod og snakka med butikkeigaren. Plutseleg sa pappa: Det er jo Messi!

– Vi fann ut at vi måtte spørje om å få ta eit bilete. Så vi gjekk bort, og eg prøvde på vaklande spansk å forklare. Han skjønte kva vi ville då han såg kamera, og stilte villig opp på bilete, seier Bjotveit.

Men noko særleg djup samtale med han som vert rekna som verdas beste fotballspelar vart det derimot ikkje. For Messi er ikkje veldig stødig i engelsk.

– Eg prøvde å seie at vi skulle på kamp neste dag, men det skjønte han ikkje. Meir gjorde vi ikkje. Vi gjekk rett ut og var kjempenøgde, seier Bjotveit.

Han legg ikkje skjul på at opplevinga gjorde inntrykk.

– Vi var litt i sjokk begge to. Så vi gjekk rett på hotellrommet, og då var i grunnen kvelden ferdig. Endå klokka var berre 19, ler Bjotveit.

Barcelona-Malaga

TAP: Etter 11 kampar med siger, gjekk Barcelona på ein smell då dei vekk besøk av Malaga førre helg.

Foto: Vidar Bjotveit

Møtet var betre enn kampen

– Det var nesten litt surrealistisk. At vi i det heile tatt skulle gå inn på den butikken, var ganske tur. Og at vi skulle treffe han, nei, det var heilt utruleg, seier Bjotveit.

10-klassingen følte i grunnen at han hadde fått valuta for fotballturen, allereie før kampen laurdag.

– Turen ut på byen gav meir valuta enn kampen, for å seie det slik, seier Bjotveit.

For med sandensarane ringside braut Barcelona sigersrekkja si på elleve kampar med dunder og brak då dei tapte 0–1 mot Malaga.

– Messi spelte heile kampen, men var ikkje veldig god. Men turen totalt vart ei stor oppleving. Denne konfirmasjonsgåva vert ikkje fort gløymd, seier Bjotveit.