Hopp til innhold

Denne gamle rustholken var ein gong med i Rally Monte Carlo…

I Stryn har dei samla 100 år med bilhistorie under eitt tak. Og nokon av doningane har ei meir spesiell historie enn andre ...

Bilen frå Stryn var med i Rally Montecarlo i 1932. No er den å finne på utstillinga "Bil i 100" i heimbygda.

TØFF TRAVAR: Den gamle Essexen ber preg av tidas tann. Men håpet er at den gamle travaren skal restaurerast til fordoms prakt. Foto/redigering: Silje Bråstad

Det er lite som minner om Rally Monte Carlo slik den gamle doningen står i dag, men historia om bilen lever framleis. Den gamle Essexen frå 1930 har vore med på eventyr som det er få bilar forunnt å bli med på.

– Det var doktor Freihow som hadde denne, og han melde seg på Rally Monte Carlo. I 1932 fekk han vere med med denne bilen. Han hadde med seg ein sjåfør, Jens Bø. Han var veldig flink med bil, fortel Jon Rasmus Langeset Vik.

Vart nest beste norske bil

Broren til Jens, Olav, var også med som sjåfør.

– Dei to kunne dette med bil. Denne bilen vart til slutt den nest beste norske bil i Rally Monte Carlo, fortel Vik, og ser bort på den rusta travaren.

Bilen vart seinare brukt som drosje, men har ikkje rulla på vegen sidan 1958.

– No er det folk som er villige til å bruke pengar på å setje han i stand, så eg håpar vi kan få moglegheit til det, slik at vi kan ha bilen her i eit framtidig motorhistorisk senter i Stryn, seier Vik.

Grov ned heile bilen

I 1914 rulla den aller første bilen inn i Stryn. Det var ein fransk ein, ein La Buiere, eller Labyren, som dei kalla han.

– Den var fantastisk. Han var mørkeraud og hadde plass til seks-sju personar, men det var ofte fleire oppi enn det, fortel Vik.

Det var for det meste jordmor-Olav som køyrde bilen, og mange av køyreturane vart godt dokumenterte, noko som kjem vel med når ein skal syne fram bilhistoria i Stryn.

– Favorittbiletet mitt av bilen er teken på veg ned frå Strynefjellet. Bilen hadde då fått nye eigarar. Nokre år seinare, vart han ståande, og grov dei han ned på området der Berge og co. ligg i dag, fortel Vik.

(Artikkelen held fram under videoen)

Han var med på prøveturen til den første bussen som blei bygd i Stryn. No har han vore med på å samle inn igjen desse gamle bussane.

HISTORIE: I utstillinga Bil i 100 vert bilhistoria i Stryn dokumentert med både bilete og doningar. Foto/redigering: Silje Bråstad

Gjer ein viktig jobb for etterslekta

Men sjølv om franskmannen ligg under torva, er det flust av eldre årgangar å sjå på utstillinga.

Rolf Olav Tenden, i Thor Tenden Transport, er lidenskapleg oppteken av bilar, både dei han eig i transportfirmaet sitt, men også gamle travarar som han har funne att både her og der. Han har stor sans for utstillinga som dei har fått i stand i Stryn.

– Det er veldig moro og veldig viktig, iallfall for etterslekta, at vi kan vise kva som har vorte bygd og gjort i Stryn dei siste 100 åra, seier Tenden.

Difor har stryningane laga til ei kjempestor bilutstilling, som syner bilen si historie i Stryn dei siste 100 åra.

– Vi har lyst til å vise dei som veks opp i dag at bilen har ei historie i Stryn, og vi har veldig mykje å vere takksame for når det gjeld bil, seier Vik.

Over 5000 bussar har rulla ut frå fabrikken

Mange skuleklassar har allereie vore innom og sett på den enorme utstillinga. Avisutklipp og bilete er med på å fortelje korleis ting ein gong var.

– Eg samlar på bilete og skriv historie. Eg har samla inn 300 bilete av bil og buss i Stryn, og mykje av det vert presentert her, seier Vik.

Ein av dei som har vore tett på transport, buss og bilhistoria i Stryn i ein mannsalder, er Arnt Gald. I 30 år jobba han på bussfabrikken til Vest i Stryn.

Over 5000 bussar har rulla ut frå bussfabrikken i Stryn. Fleire av dei er å sjå på utstillinga Bil i 100 i Stryn.

– Denne er bygd på Nordfjord Sunnmøre billag, før Vest sin fabrikk. Bussen er frå 1955, og er bevart og stroken. Det vart gjort ein fantastisk dugnad for å få han restaurert, seier Gald, og syner fram doningen.

Fann att bil nummer éin på slump

Like ved står bussen som var bygg nummer éin på Vest Karosseri i 1966.

– Bussen var opphavleg levert til Stranda/Sykkylven billag, men då eg byrja her i 1975 så var eg lagersjef og hadde med ettermarked å gjere, fortel Gald.

Ein dag fekk han ein telefon frå ein som skulle ha delar av noko han ikkje fann ut av.

– Plutseleg såg eg at det var bygg nummer ein. Då spurde eg om vi kunne få kjøpe han. Og den er vi glade for å ha fått berga, seier Gald.

Til og med den einaste snutebussen som vart bygd på Vest Karosseri har dei klart å få tak i att.

– Det er ein Scania-Vabis 36, bygd buss på eit lastebilchassis. Bilen gjekk på Nordmøre, fortel Gald.

Hugsar omtrent kvar einaste ein

Gald jobba 30 år på bussfabrikken til Vest i Stryn, og har god kunnskap til mange av køyretøya.

– Eg hadde med innkjøp til 3000 bussar å gjere, så eg har gått over teikningar og kjøpt inn stort og smått, seier Gald.

Det gler han stort å sjå rada med glinsande bussar som mest syner seg fram i sin finaste stas.

Når han blir spurt om han har ein favoritt, av alle dei 3000 bussane han har vore med på å få i hop, så er han klar.

– Det var eit stort løft for fabrikken. Det er første Ambassadøren som er bygd i Stryn, konstruert av Arvid Sunde. Bussen er bygd i 1986, fortel Gald.

For å halde tritt med konkurrentane, var bussfabrikken i Stryn klare på at dei måtte satse stort.

– Det var dyrt å utvikle noko slikt, men ein forstod at det måtte til. Dette vart ein populær buss som selde godt. Vi kom oss mellom anna inn på den svenske marknaden med han, seier Gald.