– Vi såg ein båt som likna veldig på Kongeskipet, som stoppa opp nede i sundet. Men vi trudde ikkje det kunne vere det, seier Marit Steinsund. Ho er fyrvert på Utvær fyr i Solund kommune.
Men det viste seg å vere Kongeskipet som hadde ankra opp like utanfor Utvær, og ikkje lenge etter, gjekk Dronninga i land.
KONGELEG BESØK: Dronning Sonja er på veg til Selje, men valde å besøke Utvær på veg nordover.
Foto: Evy Ann HummervollPå veg til jubileum
Dronninga er på veg til Selje, der ho skal delta på Bjørgvin Bispedøme sitt 950 års jubileum.
På Utvær fekk dronning Sonja og følget hennar omvising i Nordsjøløypa og inne på fyret. Ho hadde mellom anna med seg kunstnarvenane sine, Magne Furuholmen og Christen Sveaas.
Det var Steinsund som fekk vise dei rundt på fyret.
– Det var jo uverkeleg. Det var ei stor ære å stå der og skulle få lov til å fortelje om Utvær si historie til Dronninga, seier ho.
KONGESKIPET: Marit Steinsund trudde ikkje heilt på det, då ho såg skipet som hadde ankra opp ved Utvær.
Foto: Evy Ann HummervollEtter omvisinga vart dei med inn på vaflar og kaffi i fyrmeisterboligen.
– For meg, som brenn for Solund og Utvær si historie, så er nok dagen i dag den største eg har opplevd, i mine fem år som fyrvert, seier Steinsund.
– Veldig alminneleg
Laila Oppedal var og på Utvær fyr, då Dronninga kom i land. Dei to utveksla eit par ord.
– Det var veldig kjekt. Ho var ei hyggeleg og blid dame, som var interessert. Eg vart jo veldig overraska då eg såg kven det var, men ho var veldig alminneleg, seier Oppedal.