Hopp til innhold

Sjark køyrde på skjer

Ein sjark trefte søndag eit skjer i Flora kommune.

batalden2

– Redningsskøyta har fått kontakt med eigarane av sjarken og dei har organisert si eiga redning, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange.

Sjarken trefte skjeret Fløneset ved Batalden, vest av Florø.

Ein person tok kontakt med politiet då han hadde kome fram til båten som stod på skjæret og ropte på folk. Ingen svarte, og politiet varsla hovudredningsentralen.

Dei sendte ei redningsskøyte, men før dei kom fram viste det seg altså at eigarane hadde ordna opp sjølve.

– Dei tok kontakt med kjentfolk og organiserte si eiga redning, seier Drange, som ikkje har nokon indikasjon på at nokon vart skada i uhellet.

Kva tid det skjedde og kva som skjedde er er usikkert.

– Sjarken har lege der ei stund, men nøyaktig kor lenge veit vi ikkje. Vi veit heller ikkje kva som skjedde då dei trefte skjeret.