Hopp til innhold

Sjåførar kvir seg for å køyra

Rasfaren langs vegane er framleis stor.

Buss av vegen i Våtedalen

Buss av vegen i Våtedalen

Foto: Per Svein Reed

- Ein tenkjer meir over enn andre kor lite ein har å stilla opp med når snømassane kjem ned gjennom fjellsida, seier Inge Myhre, som køyrer Nordfjordekspressen mellom Måløy og Oslo.

Brømmer sjåføren i Våtedalen

For sjølv om ein buss er stor, vert den lett overmanna av naturkreftene som herjar i eit snøskred. Det fekk bussjåføren og dei 18 passasjerane ombord erfare då ei trykkbølgje kasta ekspressbussen mellom Bergen og Ålesund overende i Våtedalen i går. Myhre berømmer sjåføren.

-Han har gjort ein kjempejobb ved å prøva å halda bussen på vegen så lenge som mogleg. Han har fått farten ned på bussen før den gjekk av vegen og halde seg roa etterpå. Det er berre å berømma han.

I natt og i morgontimane har vegen gjennom Våtedalen stengd på grunn av fare for fleire ras. Det same gjeld fleire fylkesvegar . Mildvér og nedbør gjer atter ein gang vegane utrygge.

- Det er ustabilt. Som eit korthus, nesten, seier førsteamanuensis Rune Aa ved Høgskulen i sogn og fjordane.

Kan ikkje hugsa så mange stengde vegar

skjøre er snømassene som ligg i fjellsidene i følgje Og det skal ofte berre eit vindpust til før det kollapsar.

- Ved tilfellet i Våtedalen har nok vinden spela ei rolle, seier Aa.

Så for bussjåførane kan det bli i overkant spanande dagar på jobb

- Ein følgjer jo ekstra med på nyhenda. Dei siste dagane har det jo vore veldig spesielt, for eg kan ikkje hugsa at så mange vegar har vore stengde samstundes. Så det har vore i meste laget, seier bussjåfør Myhre.