I dag starta folkefesten Tall Ships Races 2014 i Bergen. Besøkande kan i heile helga gle seg over synet av 70 av verdas største seglskuter med om lag 2000 sjøfolk om bord.
Det var ein begeistra prosjektleiar for arrangementet NRK møtte ved Bergenhus festning i dag.
– Det er heilt magisk. Vêret er no ein ting, men alle skutene og folkelivet. Det er ei einaste stor glede, seier leiar Haakon Vatle.
Arrangøren som har jobba med Tall Ships races 2014 i over to år, ventar at om lag ein halv million menneske vil ta turen innom i løpet av helga.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
(Artikkelen held fram under bileta)
I kveld skal alle kapteinane frå seglskutane samlast til festmiddag i Håkonshallen. Kaptein på portugisiske Santa Maria Manuela, er ikkje overraskande overraska over vêret dei blei møtt av i Noreg.
– Me er overraska over vêret, det er så flott! Alle er så gjestmilde her, og i heile Noreg har me blitt tatt så god i mot.
Japansk shantykor med norske tonar
Vakre seglskuter, konsertar, skipsdåp, mannskapsparade, seglparade og fyrverkeri er berre noko av det Tall Ships Races 2014 kan by på.
LES OGSÅ:
På programmet står også ein konsert med eit shantykor frå Yokohama i Japan.
The Sailingship Nippon Maru Fan Male Shanty Choir, som består av 20 pensjonerte sjøkapteinar, tok kontakt med festivalsjefen då han var i Japan og spurte om å få opptre.
No har koret reist på eiga rekning heilt til Bergen. Som ei overrasking til det norske publikumet har dei øvd inn ein song kjent for dei fleste (sjå videoen under).