Hopp til innhold

Sjå mega-maneta frå Bremanger

– Dette har eg aldri sett før, seier forskar.

Brennmanet i Bremanger

ÆSJ: Det er ikkje eit triveleg syn, men Bremanger-brennmaneta har blitt ein attraksjon i dag.

Foto: Privat

Då Anne Karin Svarstad og sonen skulle ned i naustet å hente noko, fekk dei auge på noko stort og sleipt som dei ikkje hadde sett før.

– Vi gjekk langs stranda, og då såg vi den. Det var sonen min som såg den først, seier ho.

Litt overraska tok dei bilete av den og gjekk vidare på Hogssanden i Bremanger.

– Eg har ikkje sett ei så stor manet før, men eg visste ikkje at det var så sjeldant som eg får inntrykk av no, seier Svarstad.

Overraska forskar

Ho la ut biletet av kjempemaneta i går kveld på Facebook, og ho fekk umiddelbart uventa god respons. Det vart etter kvart tydeleg for Anne Karin Svarstad at den store klysa i strandkanten var eit spesielt funn.

– Så store maneter som det her har eg aldri sett, seier Jan Helge Fosså, som er forskar på Havforskinsinstituttet.

Han seier at han ikkje kan vere heilt sikker på om det er ei brennmanet, men at det er det mest sannsynlege.

– Vanleg brennmanet er den største maneta i Nordatlanteren. Det er mest sannsynleg ei brennmanet som er i ferd med å gå i oppløysing, og då ser dei litt annleis ut, seier forskaren.

Ingen manet-alarm

Han kan roe engstelege symjarar med at det ikkje er noko som tyder på at det er spesielt mange maneter i vatnet i år.

Det er Anne Karin Svarstad glad for, fordi ho håper å sleppe å møte på ei diger manet når ho er ute i vatnet.

– Det er ikkje noko kjekt å treffe på viss ein er ute og sym, seier ho.

Men Svarstad har ikkje fått skrekken med det første. Ho kjem til å bade igjen etter dette.

– Ja, det er veldig klår og fin sjø i Bremanger, så det er ikkje nokon fare.