Hopp til innhold

Mastene begynner å ta form

Bygginga av kraftlina mellom Ørskog og Fardal er godt i gang, med hjelp av arbeidskraft frå Italia og Kroatia.

Bygginga av den omdiskuterte kraftlina Ørskog - Fardal er i gong. Men statnett er avhengige av utanlandsk arbeidskraft for å få mastene ferdige til fristen.

Italienerar byggjer kraftline

For tida jobbar dei på forskjellige stader både i Sogn og Fjordane og i Møre og Romsdal. Her i fylket jobbar dei no på Eid, i Bremanger, Jølster og Høyanger.

Mellom anna er det komme opp master i Eid, og ein byggjer transformatorstasjonar på Moskog og i Høyanger, ifølgje Statnett.

Stort sett god framdrift

Kraftlina skal stå ferdig i 2015, men med nye entreprenørar blir det fort litt forseinkingar.

Kraftlina

HEIAR PÅ DEI NORSKE: Kommunikasjonsansvarleg i Statnett, Martha Hagerup Nilson, håpar norske firma klarar å bygge seg opp til neste kraftline skal byggjast.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Framdrifta er stort sett god, men på enkelte stader ligg vi litt etter skjema og det skuldast stort sett at vi har entreprenørar som er nye, seier kommunikasjonsansvarleg i Statnett, Martha Hagerup Nilson.

Ho har tru på at dei kan ete opp forseinkingane i løpet av sesongen, og for å få kraftlina klar til 2015 har Statnett leigd inn arbeidskraft frå Italia og Kroatia.

– Det var dei selskapa som vann anbodskonkurransen, og det er eit internasjonalt marknad. Vi ser det at dei norske linjeentreprenørane klarar dessverre ikkje ta så store prosjekt for oss, seier Hagerup Nilson.

50 italienarar i arbeid

Selskapet Concorzio Italia 2000 har heile 50 italianerar i arbeid. Dei vil ha arbeidsplass i Norge dei neste tre åra.

(Artikkelen held fram under biletet)

kraftline

GOD FRAMDRIFT: Statnett har hatt god framdrift i utbygginga av kraftlina. Dei små forseinkingane håpar dei å ete opp i løpet av sesongen.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Marknaden i Italia, og i heile Europa, er litt begrensa. Der er ein begynt å redusere investeringane til slike prosjekt, seier Stefano Negri, byggjeleiar i Concorzio Italia 2000.

– Det er godt å vere her, men vêret i norge er litt uvant, seier Rui Miguel, teamleiar i det italienske entreprenørselskapet.

Håpar norske bygg seg opp

Hagerup Nilson håpar at også norske selskap er i stand til å leggje inn anbod når neste kraftline skal byggjast.

– Eg håpar norske selskap kan bygge seg opp over tid, men det er jo store prosjekt og det krev mykje mannskap og kunnskap, og vi ser at dei regionale selskapa har nok med å få tak i folk til sine selskap, så vi får sjå, seier ho.

Kraftlina

TEK FORM: Kraftlina mellom Ørskog og Fardal skal stå klar i 2015, og arbeidet er i gang for fullt.

Foto: Arne Stubhaug / NRKq