Sjå den siste debatten mellom toppkandidatane

FØRDE (NRK): Det er tre dagar til valet. og i dag var det klart for den siste valdebatten. Alle toppkandidatane i Sogn og Fjordane møtte kvarandre til ein debatt leia av programleiar Erlend Blaalid Oldeide.

Vibeke Johnsen (SV), Ingrid Heggø (V), Liv Signe Navarsete (Sp), Stein Malkenes (MDG), Tore Storehaug (KrF), Sveinung Rotevatn (V), Frida Melvær (H) og Britt Dalsbotten (Frp). Debattleiar er Erlend Blaalid Oldeide.

DEN SISTE DEBATTEN: Det er tre dagar til valet, i dag var den siste debatten

Val

Alle er samde om å jamne ut nettleiga

Eit tema som har teke ein del plass i valkampen her i fylket, er utjamning av nettleiga. Folk i grisgrendte strøk betalar ofte meir i nettleige enn folk i meir sentrale strøk. Under debatten i dag verka det som om alle partia var samde om at noko må gjerast med det.

– Eg trur dette er ei sak der stortingsbenken frå Sogn og Fjordane må jobbe i lag, sa Venstre sin Sveinung Rotevatn.

Han meinte at det var nytt at så mange parti har blitt opptekne av dette emnet.

– Vi må slutte å sjå på kva som har skjedd i tidlegare regjeringsperiodar. Det som er spennande som har skjedd i vår, er at fleire nasjonale parti har fått dette inn i partiprogramma sine. Det gjeld Ap, Venstre og KrF, sa Rotevatn.

Framstegspartiet mot resten

Då politikarane diskuterte innvandring og integrering, kunne det virke som om det var Framstegspartiet som skilte seg ut blant partia.

– Det er ikkje eit mål at folketalet skal auke til kvar ein pris, sa Framstegspartiet sin Britt Dalsbotten, som ein kommentar på at det er innvandring som har bidrege til folketalsvekst det siste året.

– Vi må sjå kva innvandring kan bidra til og, vi kan ikkje ta i mot fleire innvandrar enn det vi klarar å integrere. Mange innvandrar har ein låg sysselsettingsgrad, sa ho.

Vibeke Johnsen frå SV vil derimot ha endå meir innvandring.

– Innvandring kan bidra til at ein anna type folk kjem til fylket vårt, det kan vere positivt for Sogn og Fjordane. SV vil at vi skal ta imot fleire kvoteflyktningar enn vi gjer i dag.

Tore Storehaug frå KrF var samd med SV i at innvandring er viktig for fylket.

– Dette handlar også om folk som kjem som arbeidsinnvandrar. Det er dei som kjem gjennom Schengen og EØS, det er dei som skal jobbe på våre sjukeheimar og sørge for at fiskeriindustrien skal gå rundt, sa Storehaug.

Liv Signe Navarsete i debatt

VIL REFORHANDLE EØS: Liv Signe Navarsete vil reforhandle EØS-avtalen

Foto: NRK

Krangla om EØS-avtalen

Sveinung Rotevatn frå Venstre sa at EØS-avtalen med sine vilkår om fri flyt av menneske, er viktig for næringslivet i Sogn og Fjordane. Senterpartiet og SV tok derimot til ordet for å få på plass ei annleis avtale.

– Vi kjem til å ha arbeidsinnvandring sjølv om vi ikkje har EØS-avtalen. Vi i Senterpartiet vil reforhandle avtalen, for å få betre kontroll med kven som kjem, sa Liv Signe Navarsete.