Hopp til innhold

Sjå den aller siste valdebatten i nett-TV

Fredag stilte listetoppane til den aller siste debatten før valet måndag. No kan du sjå den i opptak.

Sjå den siste valgdebatten frå Sogn og Fjordane

SJÅ VALDEBATT I OPPTAK: Erlend Blaalid Oldeide leia debatten mellom listetoppen på NRK.no.

I panelet stilte Ingrid Heggø (Ap), Bjørn Lødemel (H), Trude Brosvik (KrF), Frank Willy Djuvik (Frp), Vibeke Johnsen (SV), Sveinung Rotevatn og Tor Øyvind Westbye (MDG).

I tillegg stilte Jenny Følling (Sp) i panelet i staden for partileiar Liv Signe Navarsete. Debattleiar var Erlend Blaalid Oldeide.

Følg valkvelden på NRK Sogn og Fjordane

Valnatta sender NRK Sogn og Fjordane direkte frå valvaka på Sunnfjord hotell i Førde.

Der er alle toppkandidatane i Sogn og Fjordane samla, minus Liv Signe Navarsete, som er på valvaka til Senterpartiet i Oslo. Erlend Blaalid Oldeide og Gro Ravnestad blir programleiarar, medan Eldgrim Fossheim kommenterer og analyserer resultata etter kvart som dei kjem inn.

Hald deg oppdatert på nettet

Det blir og direkte innslag frå ei valvake på Lægreidspuben i Sogndal og frå valvaka til Senterpartiet i Oslo for å høyre kva Liv Signe Navarsete har å seie til resultata frå heimfylket.

Nettredaksjonen til NRK Sogn og Fjordane er godt bemanna utover kvelden slik at nettlesarane skal få eit godt tilbod på nettsida vår.