Hopp til innhold

Sjå bilete frå gamle dagar

Tusenvis av bilete frå dei siste hundre åra er no fritt tilgjengeleg for alle. Arkiverket har opna opp sitt enorme fotoarkiv på nettet, og mange av bileta er tekne i Sogn og Fjordane.

Balholm. Vangsnes 1911. Sigrid paa Ese 13. Aug. 1911

1911: Ei dame med ein flott parasol har stilt seg opp med Sognefjorden i bakgrunnen

Foto: Gran, Magdalene Elisabeth Kroepelin / Arkivverket

I samlinga som no er tilgjengeleg er meir enn 13 000 bilete tekne i perioden 1880 til 1980. Ein kan sjølv sortere etter kva fylke ein vil sjå bilete frå, og det er også mogleg å søkje fritt. Dei fleste bileta har ei lita skildring og eit årstal knytt til seg.

Bileta frå Sogn og Fjordane syner mange sider av livet langs fjordane dei siste hundre åra.

I første del av nittenhundretalet er mange av bileta dominert av overklassen sine ferieturar langs Sognefjorden. Ein kan også sjå bilete frå då Keiser Wilhelm vitja fylket eller då bensinstasjonen i Svelgen opna med ballongar og fest.

I tida framover vil stadig fleire bilete verte tilgjengelege i arkivet, og bileta kan nyttast fritt av folk flest.

I tida framover vil stadig fleire bilete verte tilgjengelege i arkivet, og bileta kan nyttast fritt av folk flest.

Balestrand med Kviknes hotell

SLAPPAR AV: Ei dame tek ein kvilepause i hesjinga og lener seg mot ein hes. Kviknes Hotell i Balestrand er i bakgrunnen.

Foto: Gran, Magdalene Elisabeth Kroepelin, 00 Ukjent fotograf / Arkivverket
Esso bensinstasjon

Opning av bensinstasjonen i Svelgen i 1963. Folk får delt ut ballongar i Esso sine fargar

Foto: Ukjent / Arkivverket
Esso bensinstasjon

GOD GJENG: tilsette ved bensinstasjonen i Florø. Det er ikkje kjent kven personane på bilete er, kanskje du kjenner dei?

Foto: Ukjent / Arkivverket
Balholm Vangsnes 1911 . Mr. Milligan. Aug. 1911

TENNIS: Ein mann spelar tennis på Vangsnes i 1911

Foto: Gran, Magdalene Elisabeth Kroepelin / Arkivverket
Balholm. Vangsnes 1911. Sigrid og Magda paa Vangsnæs. August 1911

DAMER PÅ VANGSNES: Desse fruene har stilt seg på Vangsnes for å ta eit bilete med utsikt over Sognefjorden

Foto: Gran, Magdalene Elisabeth Kroepelin / Arkivverket
Hans på picnic - Stryen 1908

PICNIC: Desse karane nyt eit måltid i det fri i Stryn

Foto: Gran, Magdalene Elisabeth Kroepelin / Arkivverket