Hopp til innhold

Her er bileta som viser kvifor dei meiner turistbru er nødvendig

VØRINGSFOSSEN (NRK): Turistar risikerer livet for å få majestetisk utsikt ved eit av Noregs mest besøke attraksjonar.

– Det er berre flaks at det går bra, seier prosjektleiar Kjersti Wold ..

Ho har nettopp oppdaga turistane som har gått over sperringar ved Vøringsfossen i Eidfjord.

Den 182 meter høge fossen har lenge vore kjend som ein av dei mest imponerande fossane i Hardanger, og var den best besøkte naturattraksjonen i Noreg i 2018.

Men jakta på den gode opplevinga eller det gode biletet kan fort bli farleg.

Når NRK er med skjer det som er beviset på kvifor Vegvesenet meiner turistbrua er nødvendig. Ei gruppe turistar er ute på ein tynn fjellknaus under brua – og bak sperra område.

Fleire dødsfall

– Dette viser kvifor det er viktig å sikra området rundt Vøringsfossen, seier Wold.

Fleire har falt i døden ved fossen dei siste åra.

Det er bakgrunnen for at Statens vegvesen fredag opna ei ny turistvegattraksjon med trappebru ovanfor fossen.

Brua har ei spennvidd på 47 meter og 99 trappetrinn. Høgdeskilnaden mellom brusidene er 16 meter.

Brua har også fått mykje kjeft og blitt kalla «eit overgrep mot naturen».

Gangbrua over Bjoreio/Vøringsfossen
Foto: Tale Hauso / NRK

Steg 2 av 3

Brua er steg to av tre i utbygginga rundt Vøringsfossen, som har vore i gang sidan 2015 og som skal sikra attraksjonen.

– Det er veldig flott å endeleg kunne stå her ute på brua og oppleve fossen og landskapsrommet på ein heilt ny måte.

Den spektakulære trappebrua over fossen er ein del av eit større prosjekt med tilrettelegging og sikring rundt heile Vøringsfossen som blir utført i regi av Nasjonale turistvegar.

Her kan du sjå korleis utsikta er frå den nye brua:

21. august opnar den nye brua som går rett over Vøringsfossen i Eidfjord. Reporter Tale Hauso tok turen over.

21. august opnar den nye brua som går rett over Vøringsfossen i Eidfjord. Reporter Tale Hauso tok turen over.

Sikringsprosjekt

I 2017 blei utkikkspunkta over fossen, som skulle sikra attraksjonen, opna. Utkikkspunkta skulle sikra attraksjonen. Fleire har omkomme ved fossen dei siste åra, sist i 2014.

– Dette er eit sikringsprosjekt, men kvifor må ein også då bygge ei brua?

– Brua er ein del av sikring og tilrettelegginga rundt fossen. Og er ein del av det som var vinnarutkastet i arkitektkonkurransen tilbake til 2010.

– Men vil ein ikkje ta vekk litt av sjarmen med Vøringsfossen og fjerne urørt natur når ein legg slik til rette?

– Dette er alltid eit diskusjonstema på slike plassar. Vøringsfossen er ein av Noregs mest besøkte turistattraksjonar, og det er behov for å gjere tiltak for å sikre og legge til rette for at ikkje naturen rundt skal bli utsett for altfor stor slitasje og at det ikkje skal vere ein fare for dei som oppheld seg her.

Tredje byggetrinn har oppstart i 2021 og inneheld utsiktspunkt, stiar og toalett.

Trappebrua Vøringsfossen

POPULÆR: I 2019 besøkte om lag 300.000 turistar fossen. Men mange er negative til naturinngrepet ho representerer.

Foto: Tale Hauso / NRK
Prosjektleiar Kjersti Wold

Prosjektleiar Kjersti Wold er glad for å ha brua på plass.

Foto: Tale Hauso / NRK